Kvit snø ute, "Purple rain" inne

Av Magnar lør 14.11.2026 - 11:07
Lyden av gospel fylte kyrkja på Nesheim fredagskvelden. Vossagospel med dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen leverte som vanleg eit lydbilete som fekk fram rykket i godfoten og lurte fram smilet hjå dei frammøtte.
Kely Mandresy, skulen på Madagaskar, var i fokus i starten av arrangementet. Frøydis og Svein viste bilete og fortalde om tilhøva på skulen, som dei hadde besøkt i mars i år saman med Eirene og Erlend. Desse fire administrerer innsamling av pengar til drifta av skulen. Planen er å få bygd nye undervisninglokale på skulen sitt område. Bileta dei viste var bevis på at dette trengs.


Me treng Merkur-programmet!

Av Liv Anne tir 10.11.2026 - 21:40
Eksingedalen Bygdaråd har sendt innspel til næringskommiteen på Stortinget og til medlemmane i Formanskapet i Vaksdal kommune.

Bygdarådet uttrykker sterk uro over regjeringa sitt forslag om å redusere løyvingane til Merkur-programmet med nesten 40 %. For butikkane i distriktet kan konsekvensane bli alvorlege.

Swing'it spelar Disney

Av Liv Anne tir 03.11.2026 - 08:18
Torsdag denne veka kan du høyra "Swing'it spelar Disney" i Eksingedalen! Det er ein invitasjon til ei musikalsk tidsreise til New Orleans på 1920 talet. Med smittande energi, blåsesolosar og trestemt song tek Swing'it oss med tilbake til jazzen sitt opphav - og viser korleis jazzen lever og sprudlar i dag.

Dette er konsert som kjem til oppveksttunet, med høve til å invitera heile bygde til konsert!
Det vert også eit musikalsk nummer der elevane i 5.-9.klasse deltek.

Frå klokka 11.45 er det høve til å kjøpa lunsj på oppveksttunet.
Uni

Bli med på Ryddedugnad 2019!

Av Liv Anne ons 22.05.2019 - 22:18
Som sist vår tek Bygdarådet initiativ til "Vår-ryddedugnad" i Eksingedalen. Det er avtale med BIR om levering av innsamla søppel i dugnadssekker ved hyttekonteinarane på Flatekval, Lavik, Nesheim og Ekse måndag 27.mai. Sekkar kan hentast hjå Hege på butikken.

Målet er at alle plukkar langs grøftekantar og vassdraget der ein bur - slik at ein går saman for å hindra at plast og anna søppel hamnar der det ikkje bør vera. Bygdarådet oppmodar alle om å vera med på ein ryddeaksjon denne veka!

18.mai-kamp på Bergo Stadion

Av Liv Anne man 20.05.2019 - 20:04
Å spela fotball er sosialt og kjekt! Innsatsen til dei 15 som møtte opp 18.mai var upåklageleg, og tempoet var til tider svært høgt. Her møttest "proffe" ungdommar mot trimmarar, dei blå mot resten!

Innimellom er det stor aktivitet på fotballbana nedom skulen, særleg i langhelger og feriar. Når nokon har lyst til å spela vert jungeltelegrafen nytta i tillegg til Facebook. Det er ei eiga Facebook-side som heiter "Fotballtrening på Bergo", ei gruppe for den lovande fotballgjengen i Eksingedalen. Søk opp gruppa dersom du har lyst til å vera med! Ope for alle frå 8.klasse og oppover i alder .

Nysgjerrige til sølv, igjen

Av Magnar tir 07.05.2019 - 08:58
VÅR EKSINGEDAL!
Er det noko som er spesielt for oppveksten vår i Eksingedalen?
Kva er mest annleis i oppvekst før og no?
Er det annleis å veksa opp her enn andre stader? Kva er mest ulikt?

Dette er tittel og problemstillinga i Nysgjerrigperprosjektet til 1.-7.klasse ved Eksingedalen skule. Måndag denne veka fekk dei sølvmedalje i Nysgjerrigperkonkurransen 2019. Dette er det tredje sølvet til Eksingedalen skule, tre år etter kvarandre. Dei fire elevane jubla høgt, og fekk reisa til Hege på butikken for å kjøpa is og brus!
Elevane forska i år på seg sjølve. Dei har forska på om det er noko som er spesielt med sin eigen oppvekst i Eksingedalen. Dei har studert oppvekst for tre, folk og fe. Dette har dei gjort ved å skriva, lesa, teikna og dra på turar i bygda. Dei har vore i floren til Heidi og hjå geitene til Silje. Dei har smakt på mjølk rett frå kyrne og fått heimelaga is der Heidi hadde separert mjølka og så laga is til dei. Dei har lært mykje både om seg sjølv og om dei andre i klassegruppa si.

Snorklipping på Nesheim

Av Magnar fre 26.04.2019 - 09:41
Tysdag 23. april var det markering for nyefjøset til Haldis og Gaute på Nesheim. Direktør i Innovasjon Norge avdeling Vestland, Nina Broch Mathisen stod for snorklipping. Saman med Karsten Valland representerte ho organisasjonen som har som oppdrag "å bidra til nyskaping i næringslivet, utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter, og utvikling i distrikta." Til nybygget på Nesheim har dei ytt 20% av byggjekostnadane.
Det vart også gratulasjonar frå Vaksdal kommune ved varaordførar Sigmund Simmenes, samt representantar for TINE og Nortura.

Fleirdobla folketal og drøymepåske i Eksingedalen!

Av Liv Anne man 22.04.2019 - 21:47
Høgaste punktet er utan tvil Kvitanosi med sine 1433 meter over havet og med ei fantastisk utsikt i alle retningar. Kvitanosi har teke i mot spreke, trøytte, glade menneske gjennom heile påskeveka! Det meldast om jamn trafikk, der føret først i veka var krevjande og skia knapt sette spor - til godt og passeleg mjukt føre då idrettslaget hadde sin fellestur til Kvitanosi langfredag.