Kvit snø ute, "Purple rain" inne

Av Magnar lør 14.11.2026 - 11:07
Lyden av gospel fylte kyrkja på Nesheim fredagskvelden. Vossagospel med dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen leverte som vanleg eit lydbilete som fekk fram rykket i godfoten og lurte fram smilet hjå dei frammøtte.
Kely Mandresy, skulen på Madagaskar, var i fokus i starten av arrangementet. Frøydis og Svein viste bilete og fortalde om tilhøva på skulen, som dei hadde besøkt i mars i år saman med Eirene og Erlend. Desse fire administrerer innsamling av pengar til drifta av skulen. Planen er å få bygd nye undervisninglokale på skulen sitt område. Bileta dei viste var bevis på at dette trengs.


Me treng Merkur-programmet!

Av Liv Anne tir 10.11.2026 - 21:40
Eksingedalen Bygdaråd har sendt innspel til næringskommiteen på Stortinget og til medlemmane i Formanskapet i Vaksdal kommune.

Bygdarådet uttrykker sterk uro over regjeringa sitt forslag om å redusere løyvingane til Merkur-programmet med nesten 40 %. For butikkane i distriktet kan konsekvensane bli alvorlege.

Swing'it spelar Disney

Av Liv Anne tir 03.11.2026 - 08:18
Torsdag denne veka kan du høyra "Swing'it spelar Disney" i Eksingedalen! Det er ein invitasjon til ei musikalsk tidsreise til New Orleans på 1920 talet. Med smittande energi, blåsesolosar og trestemt song tek Swing'it oss med tilbake til jazzen sitt opphav - og viser korleis jazzen lever og sprudlar i dag.

Dette er konsert som kjem til oppveksttunet, med høve til å invitera heile bygde til konsert!
Det vert også eit musikalsk nummer der elevane i 5.-9.klasse deltek.

Frå klokka 11.45 er det høve til å kjøpa lunsj på oppveksttunet.
Uni

Påskebingo og Kvitanosi

Av Liv Anne ons 17.04.2019 - 22:54
Eksingdalen IL inviterer til tradisjonell PÅSKEBINGO på skulen skjærtorsdag kl 19.30.
Det vert 4 omgongar bingo og som alltid kaffipause for tid for prat! Idrettslaget har vipps og tek elles i mot kontantar.
Kr 20 pr brett (60 for remse) og kr 40 for mat og drikke.

Milslukarar, torsdag er dagen

Av Magnar man 15.04.2019 - 14:41
Nils, Rolf og Gaute er "gutta " bak tremila, som har vore arrangert på Nesheim 5 gonger. På biletet omkransar dei Hermann Skjeldal, bulkaren bak Skjeldalsfresen. Han deltok i 2017.
Dette året går rennet på Brakestad på grunn av lite snø på Nesheim. Løypa er preparert med traktor og Skjeldalsfres.

Vellukka "loppedag" i Ljosheim

Av Liv Anne søn 14.04.2019 - 22:29
Utvalet var enormt og handelen gjekk unna. Folk kosa seg, kikka, handla og drakk kaffi. Hyttefolk, tilreisande og fastbuande skrytte og sette pris på dette uvanleg arrangementet i Eksingedalen.

Å handla, og samstundes vita at overskotet går rett til drift og veldikehald av det gamle, staselege grendahuset gjer loppehandel ekstra meiningsfylt.

Langrennsløyper på Brakestad

Av Magnar lør 13.04.2019 - 14:05
Det minkar på snøen i Eksingedalen. Men på Brakestad er det enno nok snø til å laga langrennsløyper. Det er køyrt opp ca. 3 km løype med traktor og Skjeldalsfres. Løypa finn du ved å gå over brua. Start i retning Nesheim, så er det å følgje sporet som har skøyte-trasè attmed. Det er laga nokre sløyfer for å utnytta alt terreng. Ta kontakt med Magnar for å få vita korleis du får utnytta heile løypelengden.

Ljosheim er fylt med lopper!

Av Liv Anne lør 13.04.2019 - 10:13
Det har vore enorm oppslutning om loppelevering til Ljosheim. Huset er rett og slett stappfullt av lopper av alle slag! Her er varer for einkvar smak: leiker, spel, ski, skøyter, syklar, koppar og kar og mykje flotte klede. Her er alt frå antikvitetar til "dill og dall". Dørene opnar klokka 11.00. Presis!

Frøydis heldt fram som leiar i eit engasjert Bygdaråd!

Av Liv Anne tir 09.04.2019 - 22:46

Årsmøta kjem i rekkje og rad i Eksingedalen i april, og eksingedølane stiller trufaste opp! Tysdag 9.april var det Bygdarådet sin tur. Alle over 16 år med adressa si i Eksingedalen er medlemmar i Bygdarådet, og alle har høve til å påverka saker som Bygdarådet skal jobba med. Arbeidsutvalet la fram ei innhaldsrik årsmelding. Arbeidet omfattar både faste saker som utpeiking av 17.mai-komite, marknadsdag og drift av heimesida, og i tillegg dei meir arbeidskrevjande sakene som ofte tek lang tid.

Det er mange gjennom eit år som legg ned mange dugnadstimar for bygda sitt beste!


Husastyret inviterer til loppemarknad med kafè

Av Liv Anne tir 09.04.2019 - 15:51
Måndag 8.april vart det halde omframt årsmøte for Grendhuset Ljosheim. På årsmøtet i februar vart eit nytt Husastyre valt, men for å komma vidare i arbeid sitt vart årsmøtegodkjente vedtekter og protokollar eit vilkår. Difor kalla det nye Husastyret inn til omframt årsmøte. Møtet vart svært så positivt, der det nye styret viste at dei på få veker allereie har gjennomført mykje. Huset er m.a. vaska og rydda, tilstandsrapport føreligg - og det er planar for kva som trengst gjerast framover.

No treng Ljosheim "friske midlar" - og styret inviterer til loppemarknad palmelaurdag. Der alt overskot går til drift av Ljosheim.

Velkommen på basar!

Av Liv Anne man 01.04.2019 - 18:36
Fredag 5.april inviterer Kvinne- og familielaget til tradisjonell basar i Ljosheim. Det heile startar med eiga barnetrekning, der alle barn er sikra gevinst. Deretter vert det fleire omgongar med åresal - med kaffi og noko attåt innimellom. Til slutt trekking av loddbøkene.

Velkomne til sosial kveld der du òg kan vinna mange fine gevinstar!