Framtidsretta og levande grendahus!

Av Liv Anne man 17.03.2025 - 17:03
Kva husastyret i Grendahuset Ljosheim sitt arbeid rommar i løpet av eit år, er meir enn imponerande. Sist veke var det årsmøte, og årsmeldinga fortel om både husavøle og stor aktivitet i huset. Grenahuset Ljosheim er eit levande grendahus, nett slik det var tenkt då det vart bygd for litt over 127 år sidan. Dette året fekk Husastyret for Grendahuset Ljosheim tildelt Vaksdal kommune sin kulturpris for det store arbeidet dei har gjort.

 

Mobile Worker

Uni

Imponerande ryddeinnsats!

Av Liv Anne man 28.05.2018 - 21:12
Aksjonsleiar Laila ofrar alt for å redda Ekso og havet frå plast!

Mange er no godt i gang med ryddedugnad i Eksingedalen! For å visa at me aksjonerer, og motivera til endå meir innsats - deler me bilete med kvarandre frå ryddinga her på heimesida. Send inn bilete etter kvart!

Hugs: Kvart minutt går det 15 tonn plast i havet! Dette kan me vera med og hindra!
Dessutan vert det så mykje trivelegare i dalen når me slepp sjå på plast i naturen!

Eksklusiv start på tursesongen for Eksingedalen IL

Av Liv Anne ons 23.05.2018 - 22:14

Det var berre tre som møtte til den første turen til turgruppa i Eksingedalen IL denne sesongen. Oppover lia til Flatekvalstølen var alle einige i at dette var ein eksklusiv gjeng, ein heilt spesiell kveld. Varm stølsli, fin kveldsol og enorme mengder vatn å sjå og høyra i Skorsdalselva.
Oppe på stølen nådde turgjengen att deltakar nummer fire, som hadde gått i førevegen.

Neste veke er det god plass til fleire på tur!

Er du klar til onsdagsturar?

Av Liv Anne man 21.05.2018 - 21:25
Denne veka er Turgruppa i Eksingedalen IL i gang med onsdagsturane for våren:
23.mai: Flatekvalstølen
30.mai: Fetstølen
6.juni: Lavikstølen og Haugastølen
13.juni: Yksendalstølen
Alle turane startar kl 18
VELMØTT!

På grunn av kollisjon med anna arrangement i Eksingedalen vert den planlagte familiedagen i juni avlyst.

Strålande feiring av nasjonaldagen

Av Liv Anne søn 20.05.2018 - 23:10
Grønt lauv og grøne bakkar, sol og varme skapte nydeleg ramme for feiringa i Eksingedalen i år! Innhaldet stod alle dei blide frammøtte for! Gråtassen leia toget, etterfølgt av 9.klassingar med flagget. Toradar- og trekkspel skapte god stemning! Kristin Nåmdal heldt ein god, humoristisk og klok tale om ulike sider ved bygdelivet. Om noko ein kunne kjenna seg att i - og samstundes med eit godt blikk utanfrå. Frøydis delte ut Bygdarådet sin heiderspris "Årets Eksingedøl" for aller første gong. Den gjekk til Hege fordi ho har flytta heim att og skapt sin eigen arbeidsplass som er til stor glede for alle som bur i Eksingedalen, og for alle som kjem til hit. I tillegg fekk Anna og Jørgen blomar frå Bygdarådet fordi dei har flytta her til
Elles tradisjonelt innhald av dagen: Tog, tale, dravle, song og musikk - og deretter leikar og triveleg prat med kvarandre.

Sølv for "Frå flor til fjells"

Av Magnar ons 16.05.2018 - 21:48
Det å vera undrande til tema er ein del av kvardagen på Eksingedalen skule. I fleire fag er det å vera nysgjerrig innfallsvinkel til læringa. Dette har ført til to sølvmedaljar i Nysgjerrigper-tevlinga. Elevane i 2. til 7. klasse har no fått bevis på dette, og har ikledd seg t-skjortene. "Kva lam vekst mest-og kvifor gjer det det?" - slik lydde undringa.
Grunngjevinga til sølvmedaljane kan du lesa her.

Kristin Nåmdal er 17.maitalar i Eksingedalen

Av Liv Anne tor 03.05.2018 - 19:26

I år kjem 17.maitalaren frå nabodalen vår. Kristin Nåmdal er engasjert bygdemenneske, og ekte innfødd modøl. Ho har budd i Modalen det meste av livet sitt og dyrkar politikkinteressa som varaordførar. Til dagleg arbeider ho som samfunnsplanleggjar i Meland kommune, der ho er oppteken av politikk, lokalsamfunnsutvikling og korleis ein kan vere med å skape gode møteplasser. Samstundes håpar ho på å få realisert draumen med å opne bakeri og lokalmatutsalg i Sognefloren på Mo til sommaren.