Informasjon frå Bygderådet

Av Liv Anne man 04.05.2026 - 20:47
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.

Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.
Uni

Heile Vaksdal bålar på den nasjonale turdagen

Av Liv Anne man 13.01.2025 - 09:46
Laurdag 18.januar er det nasjonal start på Friluftslivets år. Det er Kom deg ut-dag og "Heile Norge bålar"! Det skjer 12 - 14 i heile kommunen.
Vaksdal Turlag er arrangør saman med lokale lag i heile kommunen, med mål om bål i alle bygder.

I Eksingedalen er dette eit samarbeid med Eksingedalen IL, og det vert bål i Almane på Bergo.
Turlaget stiller med gratis pølser til alle som kjem. Og alle born får utdelt "litt ekstra"" denne dagen.

Godt nytt år, 2025!

Av Liv Anne fre 03.01.2025 - 20:54
Det nye året 2025 startar lyst og lett, med fin snø til både å leika og testa eigne grenser! Etter våte og mørke regndagar sist i 2024, er det ekstra godt med ny, kvit snø som lysnar opp!

Året 2025 er " Friluftslivets år", der draumen er at alle skal finna si friluftsglede. Borna og elevane ved Eksingedalen oppveksttun byrja det nye året med utedag i Almane. Her var det leik og aktivitet, aking, bålkos og fine samtalar.

Marknad og feststemning på oppveksttunet

Av redaktør ons 04.12.2024 - 14:03
Det var feststeming på oppvekstunet i Eksingedalen tysdag denne veka. For borna, elevane og dei tilsette var dette ein fest og ei feiringa av alt det kjekke som er jobba med dette halvåret - og ei feiring av all kunnskap som borna og elevane har fått med seg i temaarbeid i haust.
Og når mange gjester kjem til middag, så vert det verkeleg ein fest!

Minimarknad i tunet

Av Liv Anne tor 28.11.2024 - 10:33

Fjellfell og resten av tunet inviterer til Minimarknad laurdag 30.november mellom 12 og 16.
Det vert sal av varer i Fjellfell-butikken og på låven - og i Stallen er det kafe med sal av laurdagsgraut, kaffi og kaffimat.

Maria og boka kom heim!

Av Liv Anne søn 24.11.2024 - 21:38

Fredag kom Maria heim. Heim til Lavik for å prata om boka si, og for å laga korv. Og kva kunne vel høvd betre enn å snakka om boka si heime, der heile boka kjem i frå. Ljosheim var den perfekte staden. Der har Maria leika og herja i barnehagen, der sit historia i veggane – og tipp-tipp-oldefar Andres Lavik heng innramma høgt der oppe på veggen.

-For meg er det personleg å komma i Ljosheim. Her er gammalt og nytt blanda. Det er rotfeste og det er nye folk og nye tider, sa Maria.

«Odelsskam» og Maria med hjarta for Eksingedalen

Av Liv Anne søn 03.11.2024 - 13:00

- Dette er den offisielle lanseringa. Det er heime i Eksingedalen, og det er spesielt for meg. Eg har snakka om boka mange gonger, men dette vert annleis. For meg vert det veldig personleg, for det er nettopp her det er, det som boka handlar om. Det er skummelt, men eg gler meg, seier Maria Lavik.

Boka handlar om familiegarden på Lavik, der Maria er odelsjente, om garden som har vore i familien i femten generasjonar - og om Maria skal ta over eller ikkje.
Fredag 22.november kjem Maria Lavik til Ljosheim, for bokmøte.

I vinter vert det meir strøing når vegen er glatt

Av Liv Anne lør 19.10.2024 - 10:12

No skal det verta tryggare å køyra gjennom Eksingedalen på vinterstid. Det gjeld både fylkesvegen frå Modalstunnelen over Nesheimsfjellet til Evanger, og vegen frå Nesheim til Gullbrå.
Desse vegane rykka opp eit hakk på vegklassifiseringa. Og det betyr at vegane vil bli betre og oftare strødd når det er skikkeleg glatt med snø- og isføre.

Turar, bakst, handverk og kultur!

Av Liv Anne fre 13.09.2024 - 07:26
Kulturarvfestivalen i indre Vestland har inspirert Eksingedalen til ei rekkje arrangement dei første dagane i september i år. Det heile starta med barneteateret Himmelspringaren i Ljosheim. Deretter har det vore tur både med idrettslaget og Vaksdal Turlag, kulturkveld i Ljosheim med opning av digitalt museum, bakstedag på tvers av generasjonar – og handverksdag på oppveksttunet.

Kommande fredag er siste arrangementet i Eksingedalen: Ljosheim anno 1897 – ei kunstmusikalsk reise med pianist og kulturformidlar Frode Skag Storheim. Noko som absolutt er verdt å få med seg! Her kan ein òg sjå utstilling av noko av treskjeraren Andreas Høvik sine verktøy og arbeid.