25 år i Vaksdal kommune!

Av Liv Anne tir 10.03.2026 - 12:06
Dei to eksingedølane Mari Odland Trefall og Elisabeth Holth fekk sist veke gullklokke og blomar, som heider for å ha arbeidd 25 år i Vaksdal kommune.
Dette vart delt ut under jubileumsmiddag for fleire 25-årsjubilantar i kommunen sist veke.

Nytt Bygdekvinnelag!

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 16:00
24.februar vart det skipa eit heilt nytt lag i Eksingedalen. Initiativet til nytt lag kom til etter nedlegging av Kvinne- og familielaget i januar. No har damene valt å organisera seg som bygdekvinner, som del av Norges Bygdekvinnelag. Bygdekvinnelaget er ein landsdekkande organisasjon med 12 000 medlemmar, fordelte på 400 lokallag.

- Dette har me aldri vore med på før, så dette er historisk! Sa dei blide damene som kom frå Voss og Hardanger. Liv Kolskår frå Voss er styreleiar i Hordaland Bygdekvinnelag, og kom for å fortelja om lagsarbeid og orgsnisasjonen. Ho hadde med seg Liv Spilde frå Bjørgum og Siv Helle Prestegad frå Hardanger. Dei inspirerte og engasjerte eksingedalsdamene som møtte fram.

ROS-tallerken til Kari og Einar i Yksendalen

Av Liv Anne ons 25.02.2026 - 15:39

På eigarmøte i Nortura sist veke fekk Kari Brørvik og Einar Hovda Nilsen utdelt ROS-tallerken, ei påskjønning for gode ROS-resultat. ROS er ein måte å måla kvalitet på, og Kari og Einar fekk «Kvalitetslam-pris for 2025»
ROS-analysen er delt inn i kvalitetssirklar, der 25 % av sauebøndene kjem i den innerste sirkelen. Der er Kari og Einar dette året, mellom dei 100 beste i landet.
Uni

Strålande feiring av nasjonaldagen

Av Liv Anne søn 20.05.2018 - 23:10
Grønt lauv og grøne bakkar, sol og varme skapte nydeleg ramme for feiringa i Eksingedalen i år! Innhaldet stod alle dei blide frammøtte for! Gråtassen leia toget, etterfølgt av 9.klassingar med flagget. Toradar- og trekkspel skapte god stemning! Kristin Nåmdal heldt ein god, humoristisk og klok tale om ulike sider ved bygdelivet. Om noko ein kunne kjenna seg att i - og samstundes med eit godt blikk utanfrå. Frøydis delte ut Bygdarådet sin heiderspris "Årets Eksingedøl" for aller første gong. Den gjekk til Hege fordi ho har flytta heim att og skapt sin eigen arbeidsplass som er til stor glede for alle som bur i Eksingedalen, og for alle som kjem til hit. I tillegg fekk Anna og Jørgen blomar frå Bygdarådet fordi dei har flytta her til
Elles tradisjonelt innhald av dagen: Tog, tale, dravle, song og musikk - og deretter leikar og triveleg prat med kvarandre.

Sølv for "Frå flor til fjells"

Av Magnar ons 16.05.2018 - 21:48
Det å vera undrande til tema er ein del av kvardagen på Eksingedalen skule. I fleire fag er det å vera nysgjerrig innfallsvinkel til læringa. Dette har ført til to sølvmedaljar i Nysgjerrigper-tevlinga. Elevane i 2. til 7. klasse har no fått bevis på dette, og har ikledd seg t-skjortene. "Kva lam vekst mest-og kvifor gjer det det?" - slik lydde undringa.
Grunngjevinga til sølvmedaljane kan du lesa her.

Kristin Nåmdal er 17.maitalar i Eksingedalen

Av Liv Anne tor 03.05.2018 - 19:26

I år kjem 17.maitalaren frå nabodalen vår. Kristin Nåmdal er engasjert bygdemenneske, og ekte innfødd modøl. Ho har budd i Modalen det meste av livet sitt og dyrkar politikkinteressa som varaordførar. Til dagleg arbeider ho som samfunnsplanleggjar i Meland kommune, der ho er oppteken av politikk, lokalsamfunnsutvikling og korleis ein kan vere med å skape gode møteplasser. Samstundes håpar ho på å få realisert draumen med å opne bakeri og lokalmatutsalg i Sognefloren på Mo til sommaren.

Vaksdal Turlag inviterer til turar i alle bygdene

Av Liv Anne man 30.04.2018 - 09:21
Vaksdal Turlag inviterer 1.mai alle til å bli med på laget sin aller første fellestur:
Jomfrutur på Stangehelle!

Turlaget har dette første året plan om ein tur i kvar bygd. Turane er opne for alle, både medlemmer og ikkje-medlemmer. Kommunen byr på variert natur, og her er det høve til å bli med på turar i område der ein ikkje er kjent frå før.

Dei to første turane er på Stanghelle og Vaksdal, der våren kjem først!

Stein raste ut i vegen

Av Magnar søn 29.04.2018 - 08:46
Dette raset stengde vegen i 4 døgn. Sånn blir det når det skjer "lørdag eller søndag eller fredag etter fire"
Fleire steinblokker losna og rasa ut på vegen ein halv kilometer oppom Utsikten på fv. 313 mellom Teigdalen og Eksingedalen. Dette skjedde laurdag 28. april.
Dette stod å lesa i VP laurdag kveld. Hald deg oppdatert ved å klikke på vegmeldinga til venstre på denne sida.

Foto: Sondre Nesheim

Håpar alt går i dass.

Av Magnar man 23.04.2018 - 16:23
På strekninga Mo til Voss ,gjennom Eksingedalen, er det ingen offentlege toalett. Dette har, bokstaveleg tala, vist langs vegen i dalen. Kven har vel ikkje, når nauden er størst, måtta dra ned buksa og la det stå til utanfor vegen på ein ubebudd strekning. Problemet har vore tema på bygdarådsmøta i mange år, utan at ein har funne løysinga.
I opningstida til butikken blir toalettet der løysinga for dei som er på tur gjennom dalen. I tillegg til at dette er dei tilsette sitt toalett er det ikkje ope alle dagar og heller ikkje alle timar i døgnet. No treng me hjelp til å finna ei løysing på toalettmangelen for dei som reiser gjennom dalen.

Stengt veg ved Flatekval

Av Svein tir 17.04.2018 - 15:49
Vegen vart opna onsdag 18. april kl. 12.00 etter å ha vore stengt i 21 timar.
19 timar etter at vegen vart sperra av denne doningen står den der framleis. Meldinga frå i går såg slik ut: Ein semitrailer frå Polen fekk eit minnerikt møte med vegane i Eksingedalen. Ved Flatekvalsfossen vart det bom stopp med tilhøyrande behov for bergingsbil.
I skrivande stund er ikkje traileren fjerna, og det er venta at det vil ta nokre timer å få han heimat.