Kven skal bli årets Eksingedøl?
Kven syns DU at skal får heidersteiknet "Årets Eksingedøl" dette året?
Prisen vert delt ut av Bygderådet 17.mai, og det er folket som bestemmer kven som er kandidatar!
Gjennom denne prisutdelinga ynskjer ein å setja pris på positivt engasjement for bygda.

Informasjon frå Bygderådet
Årsmøtet i Bygderådet valde nye medlemmar til styret. Dei som er med i styret er:
Einar Hovda Nilsen, Håkon Øvstedal, Britt Eide og Liv Anne Bergo. Liv Anne er det kommande året leiar av Bygderådet.
Styret ynskjer å gje kort informasjon om kva ein jobbar med, undervegs i året, her på Eksingedalen si eiga heimeside. Styret vert også glad for alle som engasjerer seg og har innspel til oppgåver.

Stein raste ut i vegen
Dette raset stengde vegen i 4 døgn. Sånn blir det når det skjer "lørdag eller søndag eller fredag etter fire"
Fleire steinblokker losna og rasa ut på vegen ein halv kilometer oppom Utsikten på fv. 313 mellom Teigdalen og Eksingedalen. Dette skjedde laurdag 28. april.
Dette stod å lesa i VP laurdag kveld. Hald deg oppdatert ved å klikke på vegmeldinga til venstre på denne sida.
Foto: Sondre Nesheim

Håpar alt går i dass.
På strekninga Mo til Voss ,gjennom Eksingedalen, er det ingen offentlege toalett. Dette har, bokstaveleg tala, vist langs vegen i dalen. Kven har vel ikkje, når nauden er størst, måtta dra ned buksa og la det stå til utanfor vegen på ein ubebudd strekning. Problemet har vore tema på bygdarådsmøta i mange år, utan at ein har funne løysinga.
I opningstida til butikken blir toalettet der løysinga for dei som er på tur gjennom dalen. I tillegg til at dette er dei tilsette sitt toalett er det ikkje ope alle dagar og heller ikkje alle timar i døgnet. No treng me hjelp til å finna ei løysing på toalettmangelen for dei som reiser gjennom dalen.

Årets eksingedøl?
Det er mange som står på og gjer ein innsats for dalen vår. Både i det små –og meir synleg. Gi ditt forslag til kandidat for tittelen "Årets eksingedøl" for i år.
Stengt veg ved Flatekval
Vegen vart opna onsdag 18. april kl. 12.00 etter å ha vore stengt i 21 timar.
19 timar etter at vegen vart sperra av denne doningen står den der framleis. Meldinga frå i går såg slik ut: Ein semitrailer frå Polen fekk eit minnerikt møte med vegane i Eksingedalen. Ved Flatekvalsfossen vart det bom stopp med tilhøyrande behov for bergingsbil.
I skrivande stund er ikkje traileren fjerna, og det er venta at det vil ta nokre timer å få han heimat.

Store skilnader i breibandsfarten i Eksingedalen
I Eksingedalen er det berre skulen som har fiber i veggen, eller som det heiter på fagspråket; FTTH (fiber to the home). Difor er avstanden til næraste sentral og kvaliteten på koparlinja fram til husa avgjerande for kva som vert farten på internettet. På årsmøte i Eksingedalen Bygdaråd mandag 16. april vart det difor gitt klar melding om at FTTH må vera eit satsingsområde.
Kvitanosi
Det er kjekt når nokon inviterer til tur! Det var det mange som syns i dag. Frøydis og May Britt fekk med seg rundt 50 på skitur til Kvitanosi. Vêret kunne ikkje vore betre, og folk kom fleire timar i bil for å ta del i turen. Attpåtil feira Frøydis bursdag!
Med full fart framover!
No har Hege vore sin eigen sjef og drive butikk i nøyaktig eitt år: Eksingedalen Snarkjøp, opna 7.april 2017. Og Hege ser framover.
- Eg gler meg til sommaren! Til alle som kjem innom. Turistane, syklistane, ”motorsykkelbandane”. Dei som stoppar her, kjøper is, kaffi og wienerbrød. Det er spennande med alle som kjem forbi: Dei som leitar etter slekt, fotograferer natur, fuglekikkarane og dei som heilt tilfeldig berre køyre gjennom Eksingedalen. Det er utruleg mange slags folk innom her!

Drøymedag til Kvitanosi
Det er ei fantastisk påskeveke, med sol og blå himmel - heile tida!
Snø er det også nok av i Eksingedalen!
Mange var difor klare for langtur til Kvitanosi langfredag. Kor mange som gjekk, veit ingen, men bilane stod tett parkert og folk traska på i lange rekkjer oppover. Tippar talet var over 150. Folk kom i bil frå Bergen for å gå frå Gullbrå, og ein gjeng kom på ski heilt frå skitrekket i Myrkdalen.
Bingo!
Kø framfor inngangen, tørre bingovitsar, fine premiar, søte kaker og blide bingospelarar!
Stor stemning i år også! Bonus denne dagen var underhaldning frå den omstreifande Stamnes-trubaduren Eirik Straume Normann.