Framtidsretta og levande grendahus!

Av Liv Anne man 17.03.2025 - 17:03
Kva husastyret i Grendahuset Ljosheim sitt arbeid rommar i løpet av eit år, er meir enn imponerande. Sist veke var det årsmøte, og årsmeldinga fortel om både husavøle og stor aktivitet i huset. Grenahuset Ljosheim er eit levande grendahus, nett slik det var tenkt då det vart bygd for litt over 127 år sidan. Dette året fekk Husastyret for Grendahuset Ljosheim tildelt Vaksdal kommune sin kulturpris for det store arbeidet dei har gjort.

 

Mobile Worker

Uni

Førehandsval, valkafè og lokal valgransking

Av Liv Anne tor 31.08.2017 - 20:51
Vaksdal kommune gjennomfører denne veka førehandsrøysting rundt om i grendene i Vaksdal. I Eksingedalen var det mange som nytta høvet til å gje si røyst til partiet dei meiner skal styra landet dei kommande fire åra. Folk sette pris på å framleis få røysta på skulen i Eksingedalen. Dei tre gutane i 9.klasse sytte for servering, og valkafè var populært. Mange tok seg riktig god tid med kaffi og kaker og fekk prata med naboar og sambydingar.

Blå himmel, sol og trim i triveleg lag

Av Liv Anne tor 17.08.2017 - 21:43
Onsdag denne veka starta turgruppa sine trimturar opp att, først haustturen gjekk til Nesheimstølen. Godt turvêr har me ikkje hatt for mykje av denne sommaren, så då blå himmel og sol viste seg - og attpåtil og heldt heile turen, vart stemninga "ekstra god". Å gå på tur er godt for kropp og sjel! Neste onsdagstur går til Nonhaugen, med bursdagsfeiring på toppen. Så det er berre å hengja seg på!

Klar for klatring?

Av Frøydis fre 04.08.2017 - 22:54
Er du glad i å klatre motbakker på sykkel? Då bør du ta ein tur på fv 313, opp fjellovergangen mellom Teigdalen og Eksingedalen. Stigninga opp frå Brekkhus-krysset til toppen av fjellet kan tilby 615 høgdemeter over 6,5 km. Godt asfaltdekke og nokså jamn stigning gjer bakken ypperleg til treningsføremål. Og er du ekstra sprek, ja då rullar du nedatt og tek bakken ein gong til.

"Ny" fotballbane

Av Frøydis tor 03.08.2017 - 18:57
Det har utført ein del arbeid på grusbana på Bergo i vår og sommar, mellom anna er der lagt ny grus og bana har blitt oppretta ein del. Ivrige fotballspelarar berre "måtte" ta ein test i dag

Rulleskikameratane går nye vegar

Av Liv Anne fre 28.07.2017 - 20:05
Trimiveren i Eksingdalen er stor. Nokre held vinteridretten ved like også på finaste sommardagen, men dei har i sommar vore nøydde til å finna seg ny treningsløype. Vegdekket gjennom Eksingedalen er svært dåreleg og rett og slett farleg for både sykkel og rulleski. Så "rulleskikameratane" går difor meir krevjande treningsveg i år: Frå Nesheim og opp på høgaste punktet på fjellovergangen Fv 313. Nedatt går det i lett jogging, med skia i handa.

Condoren er komme til Eksingedalen!

Av Liv Anne tir 06.06.2017 - 19:39
Vandreutstillinga ”Condoren på Kvitanosi” er komme heim til Eksingedalen. Sist veke fekk ”Condor-entusiast” Kåre Trefall med seg broren sin Jon på tur til Herdla. Målet var å henta med seg utstillingskassene med den nedpakka utstillinga. Eksingedalen har no fått heile utstillinga! Dette har Kåre arbeidd for ei god stund, og det er takka vera den spesielle interessa hans at det vart til ei utstilling omkring denne hendinga.

Gratulera Frøydis!

Av Liv Anne fre 02.06.2017 - 09:44
Tysdag 30. mai disputerte Frøydis Gullbrå for ph.d.-graden med avhandlinga "Children as next kin and the general practioner". Hovudkonklusjonen hennar er at fastlegen kan bidra til at "dei usynlege barna" vert sett. Frøydis gjennomførte både prøveforelesing og disputasen med god stil, og fekk både undervegs og i etterkant mange gode ord om arbeidet sitt. Ho er ein forskar med beina godt planta i faget sitt sidan ho samstundes med forskninga jobbar som allmennlege. Det vart i mange høve trekt fram at dette er ei jordnær og allsidig dame med kraftige røter til heimstaden, og tydeleg at forskarmiljøet er fasinert av den dyktige dama øvst frå Gullbrå i Eksingedalen!