Barneteater i Ljosheim

Av Liv Anne man 07.09.2026 - 09:10
Tysdag 8.september inviterer Grendahuset Ljosheim og Eksigngedalen oppveksttun til Barneteater i Ljosheim.

Dei eldst elevane ved oppveksttunet er teatervertar. "Olle Bolle og Storebrum" er ei song og forteljarførestilling med utgangspunkt i Elsa Beskow, formidla av dyktige damer frå Voss: Astri Sudman og Kari Finne Sognnæs.

Forestillinga er open for born og vaksne i alle aldrar!

Vaksdal kommune kondolerer etter Hans Majestet Kong Haralds bortgang

Av Liv Anne fre 28.08.2026 - 15:11
Frå Vaksdal Kommune si nettside.
Foto: Kimm Saatvedt, Det kongelege hoff

Hans Majestet Kong Harald har gjennom eit langt liv i teneste for landet vore ein samlande monark for Noreg. Vaksdal kommune sender sine djupaste kondolansar til kongefamilien.


– På vegne av Vaksdal kommune vil eg uttrykka vår djupaste medkjensle med Dronning Sonja og kongefamilien ved bortgangen til Hans Majestet Kong Harald, seier ordførar Hege Eide Vik.
Uni

Heia! Heia! Heia!

Av Liv Anne søn 18.03.2018 - 19:36
Vel 30 stilte til start i VM i fristil på Nesheim i dag. Strålande sol og fantastiske løyper var god ramme for dagen. Først ut var alle under 10 år, ei lang rekkje ivrige løparar. Nokon syns det var langt å gå, andre syns det var for kort.
- Det er kortane enn på Bulken, sa Knut Eirik. Han stilte til start i først pulje.
For VM er eit "utvida" Vaksdalsmeisterskap, og med deltakarar i år frå både Modalen og Bulken i tillegg til Vaksdal kommune.

Og at Bulkengjengen skapte størst stemning, er iallfall sikkert: Då dei var ferdige med løpet sitt stilte fem friske born som heiagjeng, og muntra opp ALLE dei store og dei vaksne løparane, runde etter runde!

Resultatliste nederst på denne sida. Klikk på Idrettslaget.

Basarfredag i Ljosheim

Av Liv Anne lør 17.03.2018 - 10:42
Kvinne- og familielaget sin basar skuffa ikkje! Triveleg kveldvart det, med mange blide fjes. Om lag 35 møtte fram for å kjøpa årer, vinna - og drikka kaffi saman med naboen! Talet på gevinstar var minst firdobbelt av talet på folk! Og, sidan gevinstane aldri fordeler seg jamt, var vinnargleda desto større hjå enkelte!

God oppslutning om lagsmeisterskap

Av Liv Anne lør 03.03.2018 - 18:56
Det var folksamt i løypene på Nesheim laurdag 3.mars då Eksingedalen IL skipa til lagsmeisterskap. I alt stilte 29 deltakarar med eit aldersspenn frå 3 til 78 år til start. Idrettslaget set stor pris på at hyttefolk og andre tilreisande også er med på lagsmeisterskapet.
Alle får gå - og alle får premie! "Kjekt med stor skiglede", seier rennleiar Magnar Nese

Nytt kvinnestyre er klar for innsats

Av Liv Anne fre 23.02.2018 - 10:43
Det er årsmøtetid i Eksingedalen, og eitt av laga som har fått nytt styre er Kvinne- og familielaget. Laget hadde årsmøte 13.februar, og no har det nye styret konstituert seg. Tre av damene heldt fram i styret frå sist år, to er nye for året. Program for våren er sett opp, og damene tok "selfie" på det første styremøtet.

Vaksdal Turlag er skipa

Av Liv Anne tir 13.02.2018 - 18:07
Tysdag12.februar vart Vaksdal Turlag formelt skipa, som det 15.lokallaget i Bergen og Hordaland Turlag. Styret i det ny turlaget har ein representant få kvar av bygdene i kommunen. No skal det nye styret i gang med turkalender for sesongen, med mål om å få til turar i dei ulike bygdene. I Eksingdalen vert nok turane i samarbeid med turgruppa i Eksingedalen IL.

Utetid, innetid og årsmøtelaurdag

Av Liv Anne søn 04.02.2018 - 20:00
Til trass for at gradestokken var nær 20 kuldegrader, samla det seg fleire og fleire born, ungdommar og vaksne til skileik på Bergo laurdag. Det er god tradisjon med skileik for heile familien før idrettslaget heldt årsmøtet sitt. Løypene var gode - og køyrt opp som reine labyrinten. Her var kuleløype, hopp, hinderløype og stødige spor til å gå i. Passeleg for smale ski, breie ski, korte og lange ski, kjekt var det med akrebrett også!