Swing'it spelar Disney

Av Liv Anne tir 03.11.2026 - 08:18
Torsdag denne veka kan du høyra "Swing'it spelar Disney" i Eksingedalen! Det er ein invitasjon til ei musikalsk tidsreise til New Orleans på 1920 talet. Med smittande energi, blåsesolosar og trestemt song tek Swing'it oss med tilbake til jazzen sitt opphav - og viser korleis jazzen lever og sprudlar i dag.

Dette er konsert som kjem til oppveksttunet, med høve til å invitera heile bygde til konsert!
Det vert også eit musikalsk nummer der elevane i 5.-9.klasse deltek.

Frå klokka 11.45 er det høve til å kjøpa lunsj på oppveksttunet.

Brød og beredskap!

Av Liv Anne man 02.11.2026 - 18:37
Fredag kunne alle som møtte opp kosa seg med lunsj på høgde med hotellfrukost, i grendahuset Ljosheim. Oppveksttunet serverte ferske, velsmakande brød og rundstykke. Pålegg og drikke var eit spleiselag mellom Tine-produsentlag, Voss Bonde- og småbrukarlag og Eksingedalen/Vaksdal bondelag.
Uni

Joleverkstad i Ljosheim

Av Liv Anne søn 10.12.2017 - 20:04
Konsentrasjon og stor produksjon av fuglehus, nissar, glitter og stas. Som vanleg på kvinne- og familielaget sin joleverkstad møtte ei god forsamling av iherdige born, ungdommar, mødre og ein far til jolepyntlaging og baking.

Ljosfest i Eksingedalen

Av Liv Anne søn 03.12.2017 - 20:07
1.desember kl 17 tennte Hege alle ljosa på Nærbutikken! Det glitra og det blinka - og Hege stråla i lag med alle ljosa! Her ligg alt klart for hyggeleg jolehandel. Og, Hege skaffar det meste! Berre spør henne!

Staseleg bruopning på Flatekval

Av Liv Anne man 30.10.2017 - 22:31
Mykje folk var samla til staseleg bruopning søndag. Ei ny, solid og god bru er komme på plass over Skorsdalselva på veg til Flatekvalstølen. Her har det vore bru i over 50 år, men vatn og snø har med jamne mellomrom brote sund bruene. Den siste brua vart øydelagt for eit par år sidan. I nedbørsperiodar har det vore utfordrande å kryssa elva her, iallfall utan å bli kald og våt på beina. I sommar tok tre grunneigarar verkeleg tak i dette! Den nye brua er langt meir solid enn dei tidlegare.

Offisiell opning av stølsbru

Av Liv Anne søn 22.10.2017 - 20:39
Brubyggjarane inviterer til opning av nye bruer på stølsvegen til Flatekvalstølen. Stølsvegen har vore utan bru dei siste åra, men i haust har grunneigarar laga ny, flott bru.
Så fine bruer treng skikkeleg opning! Det skjer søndag 29.oktober kl 14.