Bygdekvinnelaget inviterte fredag til fredagsprat med kaffi og vaflar. Vaffeljernet steikte uvabrote i to timar, og ekstra stas vart det med uventa toradarspelarar som kom innom.
Ved nyttår 2026 kom Merita Tjelta Dalland og Stein Dalland med flyttelass til Lavik. Med seg hadde dei 130 sauar og åtte hundar. Katten Rasmus tok i mot dei i Ridnatunet, som bindeledd frå tidlegare eigarar, Astrid og Rune Lavik.
Med dette kom det sau att til garden på Lavik, og ein gard i Eksingedalen kom i drift att.
Fosterteljar Tor Erok Ertzaas frå Levanger startar rundreisa si med fosterteljing 11.januar kvart år. Han reiser rundt til saueflorar i heile Noreg, og leitar etter nye livsteikn. 7 veker brukar han på rundreisa si, og er som regel heime att på garden sin i Trøndelag 27.februar kvart år. Målet er å komma attende på faste datoar kvart år.
Fredagskvelden var Verpelstad gard fylt opp av bønder som ville heidra den fantastiske dyrelegen sin! Frå Eksingedalen gjekk det denne kvelden både buss og bilar til dyrlege- og bondefest.
2 633 namn var oppførte i bøkene til idrettslaget sin FJELLTRIM for sesongen 2016. Mest besøkt i år var Brakestadstølen, med Kultatoppen og Flatekvalstølen som turmål nummer to og tre.
Ski, akebrett, "plastvåpen-funn", ein liten skihoppar og ein lilla ballong skapte aktivitet mellom ungane som kom seg ut på "Kom deg ut dagen". Turistforeninga skipar til "kom deg ut dag" i heile Noreg søndag 5.februar, og i Eksingedalen tok turgruppa i idrettslaget utfordringa og inviterte til "Kom deg ut dag" på Nesheim.
Programet for friluftsgruppa er no å finna i kalenderen. Dei kommande vekene vert det friluftskveld tysdag- eller torsdagskveldar frå kl 17 til 19, med oppmøte i Almane.
Fredag 17. til laurdag 18.februar skal gjengen overnatta i gapahuken og lavvo.
Foto: Anna Bergo
Elevane ved Eksingedalen skule reiste mandag morgon til Dale på besøk til Vakdal introsenter med ei stor korg med gåver til born og unge flyktningar i Vaksdal. I adventstida har elevane hatt med seg gåver, og har gjeve ei pakke i staden for å få. Dette er tredje året skulen har hatt "omvendt adventskalender".
Elevrådet ved Eksingedalen skule tok turen til Dale for å overrekkja gåver og fortelja om Eksingedalen for elevane ved Vaksenopplæringa på Introsenteret.
Foto: Eksingedalen skule
6. desember vart endeleg masta på Lavik i Eksingedalen klar til å sende 4G signal utover Haugen, Fjellanger, Yksendalen og Lavik. Dermed har alle fastbuande i dalen fått mobildekning.
Ganske nøyaktig seks år etter at Sukhjeet Bharj starta opp som butikksjef i Eksingedalen takkar ho for seg. Sist i november stengte ho butikkdøra på Lavik, og det vert eit opphald på eit par månader før butikken opnar utpå nyåret, nyoppussa og med ny eigar.
I 1887 utgav Thrond Sjursen Haukenæs Natur Folkeliv og Folketro paa Voss og Vossestranden som er ei samling av folkelivsskildring, eventyr og sagn. Forteljinga under er henta herfra. Me har funne denne på historier.no