Ruben Gjertsen spelte for siste gong i Nesheim kyrkje.

Av Magnar lør 23.05.2026 - 14:11
TAKK TIL RUBEN!

Ruben Sverre Gjertsen gjev seg som kantor i Vaksdal i sommar, etter nærare åtte år hos oss.
Sist søndag spela han til gudsteneste i Nesheim kyrkje for siste gong.
Etter gudstensta kalla Anita Gullbrå frå soknerådet han fram.
Då fekk han eit eksemplar av jubileumsboka frå 2008, med ei fin helsing inni. Og han fekk sjokoladen After Eight, som i fylgje informerte kjelder skal vere ein av hans favorittar.
Uni

Haugen Fjellgard

Av redaktør tir 21.01.2014 - 18:42
Garden ligg midt i Eksingedalen, 2 km frå hovudvegen. Garden vert driven av paret Einar Trefall og Sunniva Sjurstræ, som driv mjølkeproduksjon og med sau.
Haugen Fjellgard er eit bra utgangspunkt for turar i Eksingedalen sommar som vinter, og for fisketurar langs Ekso.

Gullbrå Hytteutleige

Av Svein tir 21.01.2014 - 18:18
To hus tilleige på Gullbrå.
Kvitahuset: Nyoppussa hus tilleige.7/9 sengeplasser.Tv/parabol, oppvaskmaskin, vaskemaskin. Fullt utstyrt. Ta med sengetøy. Kan evt. leige dette for kr 150,-
(Sengetøy/handkler)

Steinhuset: Triveleg hus for utleige som inneheldt stove, kjøkken med alt utstyr, 3 soverom med 2 senger på kvart rom, her er dyner og puter med.
Dusj og toalett.