Både Kongen og Anna, Jørn og Knut er klare
Eksingedalen stiller sterkt når Kong Harald kjem på offisielt besøk onsdag 27.mai. Anna Sveinungsdatter Bergo og Knut Trefall frå Eksingedalen, og Vaksdal sin mest taleføre og kongekyndige, Jørn Øyrehagen Sunde, skal losa Kongen gjennom ei rekkje kulturelle og historiske smakebitar frå kommunen vår.
Kulturminnedagar med rikt program!
Kulturminnedagane er ei årleg feiring som skjer over heile Europa, som ein del av European Heritage Days, og er ei feiring av den mangfaldige historia og kulturarven vår.
I år er kommunane Vaksdal, Voss og Aurland saman om tilskipinga "Kulturarvfestivalen i indre Vestland", festivalen finn stad frå 31.august til 22.september.
Tittelen er "Frå fjell til fjord i gamle spor" - og i Eksingedalen er det godt utval av kulturprogram desse vekene
Heile programmet er å finna her: https://www.vosskunstogkultur.no/kulturminnedagane

Nina, tanto og 33 til, til topps!
Trass i regn og ruskavèr gjennomførte 35 motbakkeløpet "Gygrakjeften opp" laurdag. Den raskaste brukte litt over 8 minutt, for andre tok det over halvtimen.
Dette var fjerde gongen at løpet vart arrangert av idrettslaget i Eksingedalen. 19 starta i konkurranseklassen, 16 trimma seg.
Dette var fjerde gongen at løpet vart arrangert av idrettslaget i Eksingedalen. 19 starta i konkurranseklassen, 16 trimma seg.
Ferie i Eksingedalen – årleg høgdepunkt for ministeren
- Når du ein gong om lenge, lenge skal pensjonere deg fra politikken, Espen, så har vi her oppe i Eksingedalen feriejobb til deg.
- Åja?
- Då får du tilbod om å vera guide på fjellturar her, til stølane, til Nipene, og til kalde fjellvatn der de badar, med liv og lyst.
- Eg takkar JA.
Han treng ikkje å tenkja seg om eit sekund, utanriksminister Espen Barth Eide. Han er årviss feriegjest i Eksingedalen. Han, med kona og tre vaksne søner, eldstemann med sambuar, går på fjelltur kvar einaste dag når dei har felles ferieveke her.

«Til Gulatingje me vilja fram»!
Onsdag denne veke baud Arne Høyland inn til første etappe av Gulatigsferdi frå Flatekval i Eksingedalen til Farestveit i Modalen. Det var ein prøvetur av det som kan bli del av ein lengre tur, «Den historiske Gulatingsferdi frå Eksingedalen til Flolid og Guløy i Gulen.»
Lukka til vidare, tiandeklasse!
Sist veke vart tiandeklassingen Elias Bergo feira med sommarfest ved oppveksttunet i Eksingedalen. Først var det sommarfest for å feira skule- og barnehageåret for alle, deretter fekk tiandeklasse tildelt både talar, vitnemål, verdisjekk og bokgåver.
Vaksdal kommune sin kulturpris til Husastyret i Grendahuset Ljosheim!
I dag fekk husastyret for Grendahuset Ljosheim Vaksdal kommune sin kulturpris for året 2024! Ordføraren stod for utdelinga, som fann stad under opninga av Daledagane. Formannskapet delte dette året ut to kulturprisar: Til husastyret i Grendahuset Ljosheim og til dugnadsgjengen bak Fryd på Dale.
Ope møte om historisk fjellturprosjekt
Arne Høyland, frå Eikangervåg i Osterfjorden, har teke initiativ til oppstarten av eit historisk fjellturprosjekt - det vil seia å rekonstruera Gulatingferdi frå Eksingedalen til Guløy/Flolid i Gulen i 2025.
Dette kan ein høyra meir om på ope møte i Grendahuset Ljosheim i Eksingedalen, tysdag 4.juni klokka 19. Her ynskjer ein alle med interesse for prosjektet velkomne!
Grendahuset Ljosheim syter for sal av kaffi og kaffimat.

Velkommen til kakefest på butikken!
Kawin har eit ynskje: Å eta kaker saman med mange, samstundes som me ser på at ny butikk blir til!
Tysdag 28.mai skjer det! Alle er inviterte til kakefest kl 16.
Tysdag 28.mai skjer det! Alle er inviterte til kakefest kl 16.
Har du lyst på planter?
Elevane sel overskotet av planter. Det er tomatplanter, type Nordenes busktomat, og sukkererter.
Plantene kostar kr 20,- pr stk og kan bestillast hjå oppveksttunet.
Plantene kostar kr 20,- pr stk og kan bestillast hjå oppveksttunet.
Gunnar! Ein viktig mann for Eksingedalen!
I år var det Gunnar Hatland som fekk heidersutmerkinga "Årets eksingedøl". Og det var svært velfortent!
Gunnar har gjort eit ufatteleg stort grunnarbeid i mange viktige saker for Eksingedalen dei siste 15 åra.