Uni

Ein 17.mai for minneboka!

Av Liv Anne lør 18.05.2024 - 09:41
Det er langt imellom så tidleg vår, så varmt - og så mange menneske samla i Eksingedalen til 17.mai! Dagen var fantastisk på alle måtar, og det er lett å gle dei frammøtte med så vakre rammer som ein hadde dette året.

Godt over 100 menneske var samla på oppveksttunet i Eksingedalen.

Frå mosebane til grusbane

Av Liv Anne tor 02.05.2024 - 21:58
Naturen var godt i gang med å ta fotballbanen på Bergo attende til natur. Om få år ville det fort vore blandingslauvskog med bjørk og osp, grasdekke og mose.
Takka vera ein iherdig arbeidsgjeng er det no grusbane att, klar til bruk.

Førstehjelpskurs i Eksingedalen

Av Liv Anne tor 11.04.2024 - 14:39

Denne veka har 18 eksingedølar fått opplæring i førstehjelp og bruk av hjartestartar.

-Eg er imponert over kor organisert dette er i Eksingedalen, sa kurshaldar Lasse Fossedal. For responstid om uhellet skulle vera ute, er lang i Eksingedalen. Det tek tid før helsepersonell er på plass, og at ein kjem fort i gang med livreddande førstehjelp er heilt avgjerande.

Nilsaloppet 2024

Av Liv Anne tor 28.03.2024 - 13:59
Den lokale tre-mila, med namn "Nilsaloppet" gjekk av stabelen i føremiddag. Kor langt av tre-mila deltakarane skulle gå, var heilt valfritt.
Heile 19 stilte til start, og omlag halvparten gjennomførte tre mil.

Alle glade og lukkelege, såg det ut til, uansett kor langt dei gjekk!

Fantefolk og fullt hus i Ljosheim

Av redaktør søn 17.03.2024 - 08:55
Han Kolbein Hausa lyg så det renn or han!

Og i Ljosheim denne fredagskvelden klappar folk hjarteleg – dess verre det vert.

Ja, sjølv dei av oss som held fast ved det åttande bodet om at ein ikkje skal lyge, dei koste seg verkeleg. Og historia om dei to karane frå Eksingedalen, som smelta snjo på heite omnen og selde det som salt, fekk fram den beste applausen frå eit lydhøyrd publikum – sjølv om soga seier at dei vart halshogde på Vossevangen for ugjerninga.

For her var det ikkje snakk om ekte løgn, men skrønene i Vossastubbar. Med Per Sivle sin signatur. Og skrytepaven Kolbein Hausa, han er hovudperson og forteljar i dei fleste Vossastubbane.

Teselskap med stil – i Ljosheim

Av redaktør tir 12.03.2024 - 16:11
25 flotte damer hadde meldt seg på, og entra storsalen i Ljosheim med stil. Ikkje ein einaste pose med strikketøy var å sjå. For no var det stilfull fest som hadde fokus.
Inne i storsalen var borda dekka med klassisk engelsk dekketøy. Rause tekoppar og asjettar og fat med 200 år gamalt klassisk engelsk mønster. Her var det både Ljosheim sine eigne eigedelar, og staseleg servise frå ivrige samlarar i dalen.

Sølvtøy til alt.