Kvit snø ute, "Purple rain" inne

Av Magnar lør 14.11.2026 - 11:07
Lyden av gospel fylte kyrkja på Nesheim fredagskvelden. Vossagospel med dirigent Tom Jarle Istad Kristiansen leverte som vanleg eit lydbilete som fekk fram rykket i godfoten og lurte fram smilet hjå dei frammøtte.
Kely Mandresy, skulen på Madagaskar, var i fokus i starten av arrangementet. Frøydis og Svein viste bilete og fortalde om tilhøva på skulen, som dei hadde besøkt i mars i år saman med Eirene og Erlend. Desse fire administrerer innsamling av pengar til drifta av skulen. Planen er å få bygd nye undervisninglokale på skulen sitt område. Bileta dei viste var bevis på at dette trengs.


Me treng Merkur-programmet!

Av Liv Anne tir 10.11.2026 - 21:40
Eksingedalen Bygdaråd har sendt innspel til næringskommiteen på Stortinget og til medlemmane i Formanskapet i Vaksdal kommune.

Bygdarådet uttrykker sterk uro over regjeringa sitt forslag om å redusere løyvingane til Merkur-programmet med nesten 40 %. For butikkane i distriktet kan konsekvensane bli alvorlege.

Swing'it spelar Disney

Av Liv Anne tir 03.11.2026 - 08:18
Torsdag denne veka kan du høyra "Swing'it spelar Disney" i Eksingedalen! Det er ein invitasjon til ei musikalsk tidsreise til New Orleans på 1920 talet. Med smittande energi, blåsesolosar og trestemt song tek Swing'it oss med tilbake til jazzen sitt opphav - og viser korleis jazzen lever og sprudlar i dag.

Dette er konsert som kjem til oppveksttunet, med høve til å invitera heile bygde til konsert!
Det vert også eit musikalsk nummer der elevane i 5.-9.klasse deltek.

Frå klokka 11.45 er det høve til å kjøpa lunsj på oppveksttunet.
Uni

Kulturminnedagar med rikt program!

Av Liv Anne man 19.08.2024 - 20:48
Kulturminnedagane er ei årleg feiring som skjer over heile Europa, som ein del av European Heritage Days, og er ei feiring av den mangfaldige historia og kulturarven vår.

I år er kommunane Vaksdal, Voss og Aurland saman om tilskipinga "Kulturarvfestivalen i indre Vestland", festivalen finn stad frå 31.august til 22.september.
Tittelen er "Frå fjell til fjord i gamle spor" - og i Eksingedalen er det godt utval av kulturprogram desse vekene


Heile programmet er å finna her: https://www.vosskunstogkultur.no/kulturminnedagane

Ferie i Eksingedalen – årleg høgdepunkt for ministeren

Av redaktør man 22.07.2024 - 21:07
- Når du ein gong om lenge, lenge skal pensjonere deg fra politikken, Espen, så har vi her oppe i Eksingedalen feriejobb til deg.
- Åja?
- Då får du tilbod om å vera guide på fjellturar her, til stølane, til Nipene, og til kalde fjellvatn der de badar, med liv og lyst.
- Eg takkar JA.
 
Han treng ikkje å tenkja seg om eit sekund, utanriksminister Espen Barth Eide. Han er årviss feriegjest i Eksingedalen. Han, med kona og tre vaksne søner, eldstemann med sambuar, går på fjelltur kvar einaste dag når dei har felles ferieveke her.

Ope møte om historisk fjellturprosjekt

Av Liv Anne fre 24.05.2024 - 16:03
Arne Høyland, frå Eikangervåg i Osterfjorden, har teke initiativ til oppstarten av eit historisk fjellturprosjekt - det vil seia å rekonstruera Gulatingferdi frå Eksingedalen til Guløy/Flolid i Gulen i 2025.

Dette kan ein høyra meir om på ope møte i Grendahuset Ljosheim i Eksingedalen, tysdag 4.juni klokka 19. Her ynskjer ein alle med interesse for prosjektet velkomne!
Grendahuset Ljosheim syter for sal av kaffi og kaffimat.