Bygdakafé og marknad!

Av Liv Anne tor 28.11.2024 - 14:20

Alle elevar og vaksne på oppveksttunet inviterer til kafe og marknad med sal av varer som er produsert i haust. Her er det mange godsaker og fine ting, alt laga med utgangspunkt i råvarer frå skulehagen og naturen rundt oss.

 

Mobile Worker

Uni

Slå ring om butikkfolka våre!

Av Liv Anne tor 23.03.2023 - 09:58
Onssdag kveld var dramatisk for den vesle familien på butikken på Lavik. Heldigvis kom ingen personar til skade.
Brannen som herja rører ved alle i Eksingedalen. Butikken er hjarta i Eksingedalen, og Hege og Kawe har i fleire år gjort enormt mykje for å få butikken til å bli det den har vore.

I går mista familien alt dei eigde, og dei mista i tillegg arbeidsplassen sin.
Bygda er utan butikk, ein nærbutikk av det aller beste slaget!

Vinterleg mars-skirenn

Av Magnar søn 12.03.2023 - 13:25
Ein fin, men kjølig dag. Mange med startnummer på. Medalje å hente ved fullført renn. Blide fjes. Snøvær og litt vind då dei vaksne starta. Rømmen fraus i begeret for dei som stod i kiosken. Skøyting gav bedre glid enn klassisk. Skigruppa takkar for innsatsen.
Resultatlista finn du ved å klikke på "sjå meir"

Sol ute - straum inne!

Av Liv Anne ons 08.03.2023 - 15:07
Siste vekene har butikken på Lavik fått heilt nytt tak. Tak med solceller. Gradestokken viste langt under 10 minus denne fine marsdagen, då solcellene vart kopla til. Sola skein – og inne i butikken var butikkstyrar Hege Lavik i full driv med å pakka ut varer, saman med sin gode hjelpar og medarbeidar Bjarte Gullbrå.

Skirenn!

Av Frøydis søn 12.02.2023 - 09:02
Endeleg var det klart for årets fyrste skirenn i Eksingedalen for sesongen. Litt våt nedbør og løype la ingen dempar på skiglede og konkurranseinstinkt.

Aktivt lag med friske planar

Av Liv Anne søn 05.02.2023 - 19:57
Eksingedalen IL heldt årsmøte laurdag. Det heile starta med pølser, saft og premieutdling i gymsalen. Deretter var det årsmøte. Heile styret og alle gruppene tok attval, og styret la fram friske planar for både "Bytebu" og Tuftepark". Årsmøtet gav klarsignal til vidare arbeid.

Lunsj, jubel og blues

Av Liv Anne tir 31.01.2023 - 08:02
Bygdefolk er gode til å møta fram når oppveksttunet inviterer. Fredag var det først lunsj med gode skiver, vaflar og kaffi, servert av ungdomsskulen. Etterpå jublande konsert med Good Time Charlie.