Eksingedalen har fått beredskapsnett

Av Liv Anne tir 30.12.2025 - 10:32
Like før jul kom Oliver Gravermoen frå Vaksdal kommune med julegåve til Eksingedalen: Eit satelittbasert beredskapsnett, som er eit pilotprosjekt til utprøving.
"Eksingedalen beredskapsnett" er tilgjengeleg både på skulen og ute på skuleplassen.

Det er Vaksdal kommune og Vestland Fylkeskommune som har sett opp dette nettet. Nettet er opent og gratis, og skal fungera om fiberkabelen sviktar.

 

Mobile Worker

Stemningfull Vintersong i Ljosheim

Av Liv Anne tir 16.12.2025 - 21:43
Konserten "Vintersong" med Sigrid Moldestad, Esbjörn Hazelius og Johan Hedin vart ei stor oppleving, på sjølvaste "Lussiadagen". Dei dyktige musikarane fylte Grendahuset Ljosheim med nydeleg musikk, vakre ord og stor varme.

- Av det aller beste me har opplevd i Ljosheim, sa ein av publikum etter konserten.
Uni

Nytt toalett ved kyrkja på Nesheim

Av Magnar man 03.11.2025 - 09:50
Opninga av toalettet skjedde med snorklipping søndag 19. oktober. Snora var toalettpapir, som vart klipt av leiar i soknerådet i Nesheim sokn, Gøril Kvinge Nesheim. Håkon Øvstedal og Anita Gullbrå assisterte. Solfrid Urke Nese fotograferte. Så heile soknerådet hadde oppgåver under opningsseremonien.
Nytt toalett har stått på ynskjelista til soknerådet i mange år. Så etter fleire rundar, først med å få på plass finansiering og så det praktiske med plassering og utforming, er me endeleg i mål.
Døra inn til toalettet er den til høgre.

Familie på leit etter hus

Av Liv Anne man 13.10.2025 - 20:09
Line og Magnus skriv:
Me står i ein prosess å skulle vilja flytta heim att, til Norge, og Modalen med omegn. Me håper på å flytta våren/sommaren 2026. Me vil gjerne byrje med å leige. Det gjer at me er fleksible på kor me bur, berre det går å ta seg til Modalen til arbeid.

Har du eit hus å leige ut? Me er fem i alt når alle er heime, så me treng helst tre soverom eller meir.
Skriv gjerne: slettengline@gmail.com

Glade helsningar frå Line Indvær Sletteng med familie

Dåpsfølgje i Eksingedalen

Av Liv Anne tir 07.10.2025 - 20:09
Kvinne- og familielaget i Eksingedalen har samla inn dåpskjolar og dåpshuer frå bygda. Utstillinga har stått i Ljosheim heile september, og vil ver der eit par veker til.

Størst er samlinga av dåpshuer, som er teke godt vare på. Utstillinga vert ståande i Ljosheim eit par veker til.

Utegudsteneste i Beinhelleren i maleriske omgjevnader

Av Magnar søn 31.08.2025 - 20:31
Utegudstenester i Beinhelleren har vorte tradisjon i Nesheim sokn. Etter å ha besøkt ein del stølar i soknet med utegudsteneste, har ein dei siste åra brukt Beinhelleren til dette. Her er det kort avstand frå parkering til gudstenesteterrenget. Dette gjer desse gudstenestene tilgjengeleg for mange. Dette året var det i tillegg til majestetisk natur også eit strålande vær.

Traktorar og livlege sauar slo an tonen for Eksingedalsmarknaden

Av Liv Anne søn 24.08.2025 - 21:52
Folk strøymde til - og mange vart verande dei fire-fem timane Eksingedalsmarknaden varte. Alt tyda på at folk kosa seg med at det endeleg var marknad på Lavik att.

Det var sju år sidan sist. Innimellom dette vart marknaden stoppa først av pandemi, deretter brann butikken. Difor var gleda ekstra stor då ein no inviterte til marknad att, med heilt ny butikk. Nett dette var det mange som snakka om.

Folkefest med over 200 i Yksendalen

Av redaktør søn 27.07.2025 - 20:08
Over 200 kom til den offisielle opninga av Yksendalstrappene laurdag 26.juli. Og det er langt fleire enn nokon kunne gjetta på.

Elementa var mange: Godvêr. ordførar, utanriksminister, stappfull parkeringsplass, varmmat med hamburgarar, lokale lammapølser og knallgod lapskaus. Humørfylte og kunnskapsrike talarar, is og drikke frå nærbutikken, feleslåttar, fullt partytelt, ein kvintett av eit stafettlag og ivrige turgåarar. Og framleis full fart i Bygdarådet sitt partytelt då klokka bikka over midnatt, 13 timar etter at programmet starta.