Ekso Villfisk

Ekso Villfisk

Av redaktør lør 12.08.2017 - 20:15

Vi har skapt eit attraktivt og tilrettelagt innlands fiske som skil seg ut. Ekso Villfisk har utvikla den kultiverte delen av Ekso til Vestlandets beste brunaureelv med særskilt vekt på flugefiske.

Fin brunaure

Eksingedalen ligg nord i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Dalføret er om lag 48 km langt. Avstand frå Bergen ca. 100 km. Frå Voss over Nesheimsfjellet 56 km. Den kultiverte delen av Ekso ligg midt i dalen og strekkjer seg frå Flatekvalfossen i vest til fossen Vetleglupen i aust og er ca. 7 km lang.

Øvre del av elvestrekninga har vekslande stryk, men også rolege parti og nedre del har lange strekk der elva renn langsomt.

Ekso Villfisk har sidan år 2000 drive eit intensivt utfiskingsarbeid. Ved bruk av småmaska garn vert fiskebestanden tynna med ca. 12000 fisk pr. år. I tillegg til bestandstynning vert det kvart år sett ut ein del større fisk frå Ekso Villfisk sitt kultiveringsanlegg i Sødalen. Dei største fiskane bidreg mykje til tynning av småfiskebestanden og det er no mindre behov for bestandsregulering med garn.