Grendahuset Ljosheim

Av redaktør lør 07.03.2020 - 10:11

Her publiserer me årsmeldingar, vedtekter og anna praktisk om Grendahuset Ljosheim

 

 Årsmelding frå Husastyret for Grendahuset Ljosheim 2020

Orgnr 922703108

Styret har i 2020 vore organisert slik:

Leiar Anna S. Bergo Skrivar Britt I. Eide Kasserar: Aud Marit Brønstad Bergo Styremedlem Evelyn Gullbrå Styremedlem Sigrid Tyssen Vara: Hege Marie Lavik og Odd Inge Brønstad

Revisorar: Jomar Flatekval og Rune Nesheim Valnemd: Kari Brørvik og Bjørg Lavik

Hendingar og arrangement

Det har vore eit år utanom det vanlege, også i Grendahuset Ljosheim (GL). Alle planlagde arrangement styret hadde planar om vart avlyste: pizzakveld for born/unge, dansekurs, haustfest, innviing av golvet osv. Me søkte difor om midlar og fekk tildelt frå krisepakke for kunst- & kultur (Lotteri-og stiftelsestilsynet). Me fekk kr 23000,-. Dette redda oss for ikkje å gå i minus på driftsbudsjettet i år.

Huset har vore noko utleigd, ettersom det på eit tidspunkt var einaste godkjente møtelokalet i bygda. Likevel mykje mindre enn eit vanleg år.

Dugnadar

Det har vore fleire små og store dugnadar i GL gjennom året. All dugnad har vore knytt til husavøla: rydding, sjauing, utgraving av jord under golvet, leggjing av golv (dugnad saman med tømrar), lakking av golv, sjauing, rydding og vask i etterkant av arbeid. Mykje bortkøyring av boss.

Den store husavøla - arbeid utført i 2020

Totalrenovering av golvet. Golvet som låg der var lagt rundt 1977, og vart rive på dugnad i februar. Før arbeidet tok til kunne ein sjå råteangrep fleire

stader. Golvet bestod av 28 x 90 mm furubord, som var behandla med lakk. Under golvet viste det seg både mangelfull vindtetting og mangelfull musetetting, slik at all isolasjon var full i musebol og musegangar. Ved hjelp av ein stor dugnadsgjeng, vart all isolasjon og papp samt sterkt råteangripne bjelkar og gamal oppretting fjerna. På den delen det var mest råteskadar var det for liten avstand frå bjelkelag og ned til grunnen. Grunna sigevatn frå terrenget bak bygningen er det fuktig under delar av golvet. Det vart grave ut ein god del jordmassar og lagt fuktsperre oppå grunnen, slik at det no er god sirkulasjon på lufta i kryperommet, og mindre vassdamp frå grunnen. 19 bjelkar på ca 3,5m vart bytt ut, og erstatta med bjelkar av kjerneved, kjøpt på eit lokalt sagbruk. I tillegg vart det gamle golvunderlaget retta opp med spikarslag, slik at det kom i flukt med det nye bjelkelaget. Bjelkelaget i ”vetlesalen” var tidlegare bytt ut. Dette var intakt, men isolasjonen måtte skiftast, og utbetring av vindtetting vart utført. I storsalen vart det montert ny vindtetting, og ny isolasjon. Nytt furugolv vart montert både i storsalen og vetlesalen. Golvet er lakka med 4 strøk lakk og har silkematt overflate. Totalkostnaden var 230 000, der Kulturminnefondet løyvde kr 110 000 kr til golvet.

Strakstiltak på taket utvendig. Det vart oppdaga ein aktiv lekkasje på taket over toalettbygget. GL fekk tildelt kr 20 000,- frå Kulturminnefondet til å utføra strakstiltak. Dette vart utført hausten 2020. Totalkostnaden her var kr 31000,-

Brannsikring av pipene, ny pipehatt og to stk nye reintbrennande vedomnar Pipene har fått nye innsatsar og pipehatt er montert. Det er komme to nye reintbrennande vedomnar i gamal stil: ein i storesalen og ein i vetlesalen. Stiftelsen Uni løyvde kr 150 000,- til dette- det dekka heile kostnaden.

Styret har lagt mykje arbeid ned i søkjing av midlar. Grendahuset Ljosheim har i 2020 fått løyvingar frå: Kronerulling Eksingedalen Grunneigarlag Øvre Eksingedalen Grunneigarlag Stiftelsen Uni x 2 Kulturminnefondet x 2 Vestenfjelske bykreditt Vestland fylkeskommune/ Vaksdal kommune Voss Sparebank Lotteri- og stiftelsestilsynet (Korona – krisepakke)

Til saman kr 718 000 kr ,-

Pr årsmøtet (22.mars 2021) har me til saman fått løyvd 880 000 kr. Oppdatert totalbudsjett for heile den store husavøla (inkludert taket) er på kr 1,8 mill. Me har fleire søknadar inne som me ventar svar på i løpet av våren. Mellom anna er det søkt om midlar hjå VFK på ordninga “tilskot til verna kulturminne” og “tilskot til lokale kulturbygg” ( spelemidlar).

*

Grendahuset Ljosheim er vår felles kulturskatt og forsamlingshus her i dalen, og me i husastyret gjer vårt ytterste for å forvalte ansvaret me har fått på beste måte. Me er takksame for all dugnadsinnsats som er lagt ned i året som har gått. Alt i frå vasking, bæring, sjauing, vaffelsteiking, vekkøyring av bås, tilsyn, fyring, snikkararbeid, støtte og engasjement frå sambygdingar!

For Husastyret i Grendahuset Ljosheim Styreleiar Anna Sveinungsdotter Bergo