Lang, lang rekkje frå Brekkhus til Bergo

Av Liv Anne man 05.07.2021 - 11:22

Dalføret mellom dei to dalane Eksingedalen og Teigdalen var før i tida ein mykje brukt ferdsleveg, mellom Brekkhus og Evanger for folka i øvre Eksingedalen.

Frå Brekkhus går det jamnt oppover i dalføret til Fribotnen og Prestesteinen, deretter flatar det ut mot Vinningsleitet. Men, med forteljing om at hesten skulle bera bortimot 100 kg og "køyrekaren" i tillegg skulle ha 50 kg på ryggen, gjekk ein likevel lett denne dagen. 

På Vinningsleitet er det skilje mellom Øvrefjellsvegen og vegen om nedrefjellet. Øvrefjellsvegen går vidare rett opp Reinsgrøvene til Krossaleitet og vidare til Eksestølen.

Vegen om Nerafjellet går til Nesheim eller ned til Bergo. Gardane mellom Fosse og Trefall gjekk om Nerafjellet. 

 

 

Samling i Storatunet på Brekkhus, med muntre soger frå "barndomsdagar"
Opp til Fribotnen tok det knappe to timar, med pustepausar inkludert.
Nils Nesheim fortalde om "gamledagar", bruk av vegen og historier frå livet den gongen. Prestesteinen, til minne om presten Brox som ikkje kom lengre enn hit i 1905.
Dei få regndropane på turen kom under matpausen i Fribotnen. Kreative gøymestader!

Blå himmel og frisk luft etter regnbyga gjorde turen nedover Raunaholene til Bergostølen og Bergo lett å gå.

Med 35 turlagsfolk på rekkje, er stien tydelegare å finna. I allfall for ei stund.

God tur! - og skulle du trengja båt over Bergovaten er det berre å "SOTA"!