Ein kort, koseleg tur på gammal sti

Av Liv Anne søn 11.07.2021 - 21:57
Sti opp frå vatnet i Vikane på Bergo

Elevane i 7. -10.klasse gjennomførte i juni eit kultur- og naturprosjekt der dei rydda, merka og fann fram att i dagen den gamle ferdavegen mellom Bergo og Nesheim.

Alle elvane frå 1.-10.klasse utforma faktaark om insekt, småkryp og planter langs vegen – og dei eldste har dokumentert soga til vegen. 

 

Mosegrodd sti gjennom granskogen, innover frå Vikane

Gamlevegen vart sprengt ut og mura opp og stod ferdig om lag 1890. Dette var ein veg for å kunna frakta varer mellom Bergo og Nesheim, der vatnet og isen vart nytta til transport. Vegen kunne kløvjast med hest, og det gjorde transporten lettare. Gangvegen mellom gardane gjekk på den tida over Bergokulten.

Seinare vart vegen kalla Kyrkjevegen, etter at kyrkja på Nesheim stod ferdig i 1907. Fram til 1930 var dette ein viktig veg mellom Bergo og Nesheim.

Oppmurte trapper er komme fram att!

- Turen er ikkje lang, men koseleg å gå – og den passar for alle.
Det skriv elevane i turomtalen sin.

Turomtalen og litt om historia kan ein lesa ved turstart og på grinda i skiftet mellom Nesheim og Bergo. Det rydda vegstykket tek 10 – 15 minutt å gå i koseleg skog, langs oppmura trapper og langs sti.

Og undervegs er det mangt å sjå på og artige faktakort å lesa.

Start frå Vikane, inst inne i Bergovatnet.

For å komma hit må ein bruka vassvegen. Rett til høgre for den gamle utløa er det merka med pilar og raud farge. Gå opp bakken og inn gjennom granskogen. Når ein kjem gjennom grinda går ein mot høgre og følgjer merka sti på utsida av gjerdet til dyrka innmark i Vikja på Nesheim.

Stien endar på grusvegen, og følgjer ein grusvegen vidare kjem ein opp i fylkesvegen som går over fjellet.

Stien går opp like til høgre for den gamle løa
Merka sti på yttersida av gjerdet rundt Vikja
Nesheimsvikja mot Nesheim

Start frå Nesheim:

Frå Nesheimsvikja følgjer ein merkinga rett framover og rundt dyrka innmark, deretter gjennom grind der informasjonsskilet heng. Så er ein på den gamle ferdavegen.

Start oppe ved vegen over Nesheimsfjellet: Ein kan gå nedover skogsvegen som tek av ned mot høgre like ovanfor Nesheim, og følgja denne skogsvegen ned mot Vikja. Det tek 10 – 15 minutt før ein kjem inn på den merka stien i Vikja.

Derifrå følgjer ein den merka stien frå Nesheimsvikja og ned til Vikane.

Grind mot Bergo
Ned til Vikane og Bergovatnet