Bli med på sommartur!

Av Liv Anne tir 13.07.2021 - 21:03
Flatekval, sett frå Njuken. Foto: Ingvild Brønstad

Flatekval - Njuken - Tuftane - Grønbakken - Lavik 

Flatekval: 280 moh

Njuken: 740 moh

Tuftavatnet: 775 moh

Oppmøte er klokka 11 i tunet til Jomar på Flatekval (like forbi kyrkja). Derifrå først på grusveg før det går bratt oppver langs Botnaelva til Njuken. Etter ein god time er ein oppe på Njuken - og der ser ein vidt utover Flatekval. På Njuken er det òg hustufter etter ein gammal støl å sjå. 

Frå Njuken er det behageleg terreng innover fjellet mot til Tuftavatnet og Tuftane. Frå Tuftane går det litt oppover att, deretter er det berre nedvover mot den gamle stølen Grønbakken og etterkvart bratt ned til Lavik.

- Me reknar 4 - 5 timar å gå, i tillegg legg me inn gode pausar, seier kjentmann og vegvisar Jomar Flatekval.

Turgruppa i Eksingedalen IL ynskjer alle velkomne med på tur! 

Foto: Ingvild Brønstad
Foto: Ingvild Brønstad