Barnehagen i Eksingedalen er open att!

Av redaktør man 09.08.2021 - 13:05
To trygge hender å halda i for minstejenta i barnehagen i dag

Det er både ein historisk dag og ein gledeleg dag at borna i Eksingedalen får høve til å gå i barnehage i heimbygda. Og på skulen vert det vesle miljøet litt større. I dag byrja det to born i barnehagen, neste veke kjem den tredje jenta. Med det er 5 av dei 6 plassane fylte opp. 

Første skuledagen, 16.august, vert det offisiell feiring av Eksingedalen oppveksttun. Då kjem m.a. ordførar Hege Eide Vik for å klippa snora, og med seg har ho kommunaldirektør, kommunalsjef og einingsleiarar. Foreldre og andre som ynskjer å få med seg dette er inviterte med.

Josefine og Alma er klare, saman med pedagogisk leiar Solfrid Urke Nese

Barnehageborna kjem til fornya lokale inne - og ute er det nytt for både dei små og dei større. For i juni vart leikeplassen fornya med nye leikeapparat, bord med benkar og bålpanner. Eksingedalen Kvinne- og familielag og Eksingedalen IL har saman med Vaksdal kommune kjøpt inn apparat og desse er sett opp med stor dugnadsinnsats, rettleia av ansvarleg frå kommunen. 

Leikeplassen vert også offisielt opna måndag den 16.august. Ulike disser er komme opp, og den store attraksjonen er "Cliff-rideren" - som er den aller første av sitt slag i Noreg.