Teaterhelg og tysdagskveld med bokbad

Av Liv Anne ons 22.09.2021 - 21:29
Bondetinget med Kyrre Eikås Ottesen åleine på scena. Foto Espen Nyttingnes

"Bondetinget" hadde premiere i Førde 27.august, og har vore på turne til grendahus i Vestland. Til helga har stykket teppefall i Eksingedalen. Den oppsette forestillinga laurdag den 25. september vart fort utseldt, og Teater Vestland sette difor opp ekstraframsyning søndagen kl. 13. Også til denne forestillinga har billettsalet gått unna, berre få billettar er att. 

"Bondetinget" er eit dokumetarteater om norsk landbrukspolitikk, skrive av Torkil Sandsund frå Dale i Sunnfjord. Stykket er særleg basert på samtalar med og bøkene til eksingedølen Helge Bergo. Vidare har forfattar og regissør Torkil Sandsund og skodespelaren Kyrre Eikås Ottesen hatt mange samtalar med ei rekkje sentrale personar om norsk landbrukspolitikk, og dei har gått gjennom eit stort utval av skriftleg kjeldemateriale. Skodespelaren tek publikum med gjennom store tankar, viktige detaljar og gjev innsikt i eit politisk spel om landbruk og bygdeutvikling. Han står åleine på scena, og gestaltar eit tjuetals personar -  på dialektane deira. 

Det teiknar til spennande dagar i det gamle grendahuset!

Klart til Teater Vestland

 

 

Tysdag kveld opnar dørene på nytt i Ljosheim, denne kvelden er det eksingedalsjenta Maria Lavik som skal fortelja om den ferske boka si:

Åtte forteljingar om barnefattigdom.

Maria Lavik har gjeve ut bok om barnefattigdom. Ho vil gje dei fattige borna ei stemme.
- Orda barndom og fattigdom høyrer ikkje saman, seier Maria. 

Maria har hatt kontakt med fleire familiar over tid, og i boka hennar møter lesaren åtte fattige familiar. I Ljosheim vil Maria fortelja meir om dette, og det vert høve til å samtala og stilla spørsmål omkring dette viktige temaet.

Det er Eksingedalen Kvinne- og familielag som inviterer til bokbadet, og det vert kafè med kaffi og bakst.  

Maria Lavik. Foto: Samlaget, Tove K. Breistein