Fire mann, fire spett og stein på over 700 kilo

Av Liv Anne tor 23.09.2021 - 21:48
Her lagar dei til passelege hiv til helikoptertransporten. Det ser kanskje ikkje så tungt ut når dei fire er heilt koordinerte og løfter i samla flokk.

No er dei endeleg i gang, Sherpa-laget som skal vøla stien til Yksendalsstølen. 
Hadde det ikkje vore for koronapandemien, hadde arbeidet kome i gang på forsommaren i fjor. Men då var det altså innreiseforbod til Noreg. Først i august i år vart det opna opp for dei, med visum, arbeidsløyve, vaksine og karantene. Til saman var det 39 stibyggjarar som kom til Noreg no i august, og fire av desse er no i full gang i Yksendalen.

Ingen traktor. Ingen gravemaskin. Ingen fjellsprenging med dynamitt. Ikkje ein gong ein gamaldags stubbebrytar treng dei.

Berre handamakt, grafse og spett, pluss ein suveren teknikk der dei fire stibyggjarane løfter og lirkar på plass enkeltsteinar opp til 700-800 kilo.

Så her hadde dei gamle slitarane, oldefedrene våre, vore på heimebane om dei kunne sett dette i dag.

Første byggjetrinnet går frå gardstunet og opp til Kvile, 200 meter høgare oppe. Dette er den brattaste delen av stølsvegen. I luftlinje er det ein strekning på 600 meter.

Dei fire i Sherpa-laget bryt laus ei stor helle frå ei svær steinblokk. Meir lokalt enn dette kan det ikkje bli.

Arbeidslaget kjem frå byen Khunde i Nepal, om lag 3.850 meter over havet. Smatt litt på talet: For oss er det som å stå på toppen av Galdhøpiggen og sjå ein og ein halv kilometer rett til himmels. Det er så høgt oppe dei bur. Naturen her har svara på behova dei har oppe i den tynne lufta, med å gje dei store lunger og ekstra stort hjarte. Dermed vert dei uvanleg seige også i brattlent Vestlands-natur.

Vi er mange som har trudd at sherpa er det same som bærar, mest for eventyrarar. Men Sherpa betyr rett og slett «folket frå aust». Det er eit namn dei har hatt på denne folkegruppa, sidan dei for nokre hundre år sidan vandra inn frå Tibet -  som ligg aust for Nepal.

Dei kraftigaste trakkhellene i dalen, kanskje. Mellom steinane i dette området er det drenert for vatn, som har øydelagt mykje av den gamle stien. To dagar med jobb med berre handemakt og tjue steinar eller trinn er på plass.

 Arbeidet med stien i Yksendalen er organisert gjennom Stølsvegen Venelag, med ein tydeleg grunneigaravtale som fundament. Det er no heile fire år sidan prosjektarbeidet og arbeidet med finansieringa starta. Det som fekk prosjektet på riktig god glid økonomisk, var at prosjektet vart godkjend av Kulturdepartementet for spelemidlar. I tillegg til dekke kjem gåver frå private, kronerulling, offentlege midlar og rause bidrag frå fond og stiftingar. Alt i alt er no over 90 prosent av prosjektet finansiert. Totalkostnaden er om lag 2,5 millionar kroner.

Grunneigar Kari Brørvik og leiar i Stølsvegen Venelag Britt Eide er samstemte:

- Vi håper inderleg at dette prosjektet kan stimulera andre i Eksingedalen til liknande tiltak for å framheva den fantastiske naturen vi har her, med gardstun, stiar og stølar, og kulturhistorie som fortener å bli tatt vare på. Når stien er ferdig restaurert og oppgradert er målet at langt fleire enn tilfellet er i dag vil bruka stien, både for å gå turen til stølen og som utgangspunkt for turar til andre stølar og gardar i Eksingedalen.