Mange friluftstilbod i vente

Av Liv Anne fre 15.06.2018 - 21:42
Ein gammal sti er rydda fram att: Brynhildastien i Almarunden

 

Laurdag 16.juni kl 16 kan du vera med på opning av Almarunden og Brynhildastien. Bli med på ei kulturhistorisk vandring rundt Almatjørna og over Kultatoppen. Vegen er restaurert og merkt. Nye informasjonstavler fortel soga. 

Oppmøte ved en turkise grinda innafor Bergo kl 16: Snorklypping

Enkel servering i gapahuken i Almane etter gjennomført runde.

 

Almarunden tek 30 - 40 minutt

 

Søndag 17. juni kl 11 kan du vera med "Til støls i Eksingedalen" med Vaksdal Turlag.
Turen går frå Smalastølen, like ovanfor Flatekval, til Flatekvalstølen og vidare til Muradalen. Derifrå går ein opp til Nipevatnet og ned att til Lavikstølen og Haugen.

Ein kan sjølvsagt snu kva tid ein vil og gå ned att til Flatekval dersom ein ynskjer det.

Det vert organisert skyss av sjåførar frå haugen til Flatekval etter turen. 

Tid: 30- 40 minutt til Flatekvalstølen
Heile runden: 4 - 5 timar

Turen er open for alle!
Meir info: https://vt.dnt.no/aktiviteter/99007/857190/

 

 

Idylliske Flatekvalstølen

 

Onsdag 20.juni kl 19 opnar skuleelevane stien til Høgakleiva rett ved Nesheimskaret. 

Elevane i 9.klasse har i valfaget  "Fysisk aktivitet og helse" funne fram att ein gammal ferdsleveg. Denne har dei klargjort, rydda og merkt - slik at forbikøyrande lett kan få seg fysisk aktivitet! Høgakleiva er lokalisert til grensa mellom Nesheim og Bergo, og det er fantastisk utsikt herifrå.

Ei informasjonstavle fortel om stien og Eksingedalen - og området er pryda av elevkunst til opninga onsdag.

Oppmøte ved ferista rett ovanfor Nesheimskaret kl 19.

Etter stiopninga er alle inviterte til sommaravslutning på skulen! 

9.klassegutane nyt utsikta frå eigenprodusert benk