70-årsfest for Kvinne- og familielaget

Av Liv Anne søn 21.11.2021 - 19:12
20 av 23 medlemmar møttest til 70-årsfest i Ljosheim

Laurdag var det duka til fest i Ljosheim. Det vart servert 3-rettarsmiddag og bordseta varte i fleire timar. Slik det høver seg i 70-årslag.

 

Skiping av husmorlag i 1951 var i seg sjølv ei historisk hending. Laget samla husmødrene frå Eksingedalen på tvers av kommunegrensene.  Eksingedalen høyrde på den tida til tre kommunar; Bruvik, Modalen og Evanger - og det var ikkje lett å komma seg til møta. 

Alle møta vart halde i stova til ho Olina på Lavik, i Ridnatunet. Møta var på dagtid, og dei varte heile dagen. Møtedeltakarane var avhengige av å ta "Eksingedalsruta", som bussen heitte. "Kjeringane frå Krokagardane køyrde oftast med hest", fortel soga. 

Husmorlaget i Ridnatunet, truleg i 1957

Et kvinnefellesskap er framleis vert å feira, det var festgjestene eininge om. I Kvinne- og familielaget i Eksingedalen møtest ein på tvers av alder. 

- Det er særleg kjekt at det er eit lag som stadig har rekrutert nye medlemmer, noko som viser at laget tilpassar seg både tida og folket, sa Veslemøy Bergo i sin festtale.

Veslemøy fortalde om sjølve skipinga av laget, og ho snakka om kor stor respekt ho har hatt for dei kvinnene som har komme til dalen, tilpassa seg og funne sin plass. Dette har mange gonger vore utfordrane. Kvinnene var dobbeltarbeidande, med florsstell, hus og heim - der rollene var mange og oppgåvene krevjande. Mange måtte tilpassa seg det som var.

- Ein kan tenkja seg til kor viktig det var for damene å møtast. For å vera i lag, men kanskje aller mest for å ta del i samfunnsengasjement. 

Veslemøy Bergo heldt festtalen, damene lytta godt.

Veslemøy las også opp Brita Gullbrå (på Binningsbø) sitt referat frå ein tur til Voss for å delta på møte i Vossagruppa. Referatet er svært detaljert, humoristisk og fortel om ei anna tid. Første overnatting på veg til Voss var på Eidslandet.

 

Brita Lavik har vore medlem i Kvinne- og familielaget lengst av alle, i heile 62 år!
For dette fekk ho utmerking av festnemnda.

Brita Lavik og Annika Nottberg Brønstad

Dei fire med lengst medlemskap fekk diplom og blomar:

Brita Finne Lavik, medlem sidan 1959

Veslemøy Bergo og Bjørg Marie Nesheim, medlem sidan 1975

Ingunn Lønning Gullbrå, medlem sidan 1979

Veslemøy, Ingunn, Brita og Bjørg

Festnemda hadde mange kjekke aktivitetar på lur. Sjølvsagt måtte det kaffiutlodding til, og meir enn halvparten vann. 

Eit populært innslag var pakkeleik, det ei gåve gjekk frå person til person, før den til sist fekk ein eigar. På vegen fram måtte ein etter ein gje gåva vidare, alt etter kva oppdrag Hege Lavik presenterte. Gode ord og tankar på vegen. 

"Kven skal få gåva no?" Det grublar lagleiar Haldis Øvstedal på!
Festnemnda: Annika N Brønstad, Hege Marie Lavik, Anna S Bergo

Festnemda var dei tre yngste damene på festen. Og nettopp det at dei unge melder seg inn vitnar om at laget har ei framtid, det var mange einige om.