"Skinn-vill" helg i Eksingedalen

Av redaktør man 24.01.2022 - 20:56
20 timar kurs - og ein glad og stolt gjeng!

Denne helga var det kurs i saum av saueskinn i Eksingedalen. Dyktige handverkar og formidlar Beate Solvik heldt kurs. Damene var meir enn ivrige, og gjekk i gang med stor iver. Kursdeltakarane fekk grundig innføring i saumtypar, trykk og val av skinn til ulike produkt. 

Ein god handverkar som lærar veit kva som skal til. Beate var ettertrakta og god hjelpar, der kvar einskild fekk rettleiing i sitt arbeid. 

Det vart sydd både vottar, tøflar og huer. Alt i personleg stil, med ulike trykk og uttrykk. Om ikkje alle vart heilt ferdige med at ein hadde tenkt, så hadde helga gjeve nok påfyll til å greia seg heime på eigenhand.

Alt sydd av ekte vare, norske saueskinn - og av ein entusiastisk sygjeng! 

Beate Solvik ser godt fornøgd ut søndag ettermiddag.