Vinterfest med Fru Ingeborg

Av redaktør fre 18.02.2022 - 11:48

Elevane ved skulen i Eksingedalen inviterte til Vinterfest, kvelden før vinterferien. Programmet var innøvd til jul, endeleg kunne det framførast. Ungdomsskuleelevane har skrive eit spelstykke, med bakgrunn i to kraftfulle historier. Og ein får møta tre svært ulike kvinner. 

Den eine historia er henta frå Aina Basso si bok "Inn i elden", den andre historia er om "Fru Ingeborg" som oppretta eit legat som står til evig tid. 

Publikum vart sett 400 år tilbake i tid, begge historiene byrjar i 1621. Trolldom og uhygge pregar livet til dei to første jentene me møter i stykket. Den første er Dorothe, ei 15 år gammal jente frå overklassen i København som vert gifta bort til meir enn dobbelt så gamle Johan. Dorothe må flytta frå alt ho har kjært i Køben til fattige Kiberg i Vardø. Mannen hennar har ein frykteleg jobb. Han har fått ansvar for å brenna hekser i Nord - Noreg. 

Den andre jenta er Elen. Elen er ei fattig jente frå Kiberg, med ei mor som vert kalla klok kone. 

I stykket møter ein jentene gjennom skyggeteater, dei stig fram - og den eine av dei vert oppslukt av eldskuggar. Stykket flettar også inn ei soge frå Gullbrå i Eksingedalen, som viser at dei trudde på det same underjordiske her også. 

Etter den dystre starten kjem historia om Ingeborg Mikkelsdatter, ei anna mystisk kvinne frå tidleg 1600.

Ola Bremnes sin song om Fru Ingeborg batt stykket saman, jentekoret ljoma vers etter vers. 

Fru Ingeborg, Fru Ingeborg

Namnet er som ein sang

Fru Ingeborg Fru Ingeborg

Med eit evig etterklang!

Domkirka i Bergen, 1621

I 1621 oppretta Fru Ingeborg eit legat på 300 riksdalar, legatet vart plassert i Domkirka i Bergen. Rentene skulle brukast til å senda mjøl til fattige og trengjande i Øksnes i Vesterålen. I 150 år vart arva etter Fru Ingeborg passa på av Domkirka i Bergen, så overtok Bergen kommune.

Pengane tok slutt, og Bergen kommunen ville fri seg frå legatet. 

Saka enda i Høgsterett

Legatet var så godt skrive at Høgsterett kom til same konklusjon som Tingretten hadde gjort før, med setningen:

"Melet skal sendes frem til Dommedags eftermiddag"!

Og - så, kjem Vaksdal Mølle inn i soga:

På ein middag i 1958 på Hotell Norge i Bergen tok dåverande ordførar Knut Tjønneland opp spørsmålet om mølla kunne tenkja seg å overta legatet og den kuriositeten legatet meir og meir vart. 

Dei to direktørane syns dette høyrdes bra ut - og slik overtok Vaksdal Mølle legatet.

Sidan 1958 har Vaksdal mølle / Norgesmøllene sendt julemjøl til Øksnes i Vesterålen

Seks tønner mel ifrå Bergen by

skal til vår herres behag

Sendes nordover år etter år

Te dommedagsettermiddag! 

 

Legatet er det lengstvarande legatet ein kjenner til, og sannsynlegvis skrive av presterua Fru Ingebog Mikkelsdatter. 

Tenk om vi som eige alt

I dag kunne ha det sånn

At vi laga legata for framtida

I fru Ingeborg si ånd

 

Historia og songen om Fru Ingeborg, også framført med band, gjev etterklang. Og publikum let vel etter opplevinga ved oppvekttunet i Ekingedalen.