Fredag er det BASAR!

Av Liv Anne tor 17.03.2022 - 12:32
Fredag 18.mars er det klart for åresal og basar i Ljosheim

Kvinne- og familielaget i Eksingedalen kan endeleg invitera til basar att! Det er to år sidan sist.

Loddbøker har gått rundt i bygda, og der er det mange fine gevinstar. Det er ope for kjøp av lodd heilt fram til basarkvelden. 

For Kvinne- og familielaget gjev basaren eit overskot til arbeid for og i bygda. Kvinne- og familielaget støttar små og store tiltak i Eksingedalen, frå årleg  blomeplanting ved butikk, Ljosheim og oppveksttun - til initiativ til kjøp av hjartestartarar i bygda og opprusting av leikeplassen ved oppveksttunet.

Kvelden startar med barnetrekking, deretter 4 omgongar med åresal. Midt i er det matøkt, og etter det trekkjer ein loddbøkene.

 

Denne basarkvelden ynkjer laget at overskotet frå sjølve åresalet skal gå til hjelp for folk frå Ukraina.

- Om nokon vil kjøpa lodd men ikkje har høve til å komma i Ljosheim, så kan det gjerast via VIPPS, seier Haldis Øvstedal som er leiar i Kvinne- og familielaget. Melding om lodd i loddboka kan i såfall sendast til ein i styret - og pengar kan vippsast.

- Og om ein ynskjer å gje pengar direkte til Ukraina gjennom laget vårt, kan det også vippsast, seier Haldis. 

Vipps til Kvinne- og familielaget: 124 324