Råsterke Jorill tok NM-medalje i styrkeløft!

Av Liv Anne lør 26.03.2022 - 09:40
Knebøy, 170 kg og ny personleg rekord. Foto: Arne Krumsvik

Jorill Nese delek i open klasse 23 -35 år, vektklasse opp til 69 kg. I går, fredag løfta ho seg til NM-bronse i samlagte øvingar. For første gong løfta ho i seniorklassen. 

I den første øvinga sett ho ny personleg rekord i knebøy, med 170 kg. I benkpress, som var øving nummer to, sette ho ny personleg rekord med 102,5 kg. Og, i siste øvinga sett ho også ny personleg rekord med 180 kg i markløft. Med dette sikra ho seg bronsemedalje samanlagt. 

- Eg er veldig nøgd med dagen, dette gjekk over all forventning, seier ei glad Jorill. Eg sloss om tredjeplassen frå første sekund, og vann den berre fordi eg var litt lettare enn ho som kom på fjerdeplass. I klassen min var det 21 som deltok.

Jorill er klar for fleire konkurransar. Kva tid det vert neste gong, veit ho ikkje, men meir trening har ho klar plan for. Jorill løftar for Odin Styrkeløftklubb i Bergen, der ho no bur. 

- Eg er gira på å bli sterkare! Eg gir meg ikkje! Seier ei glad og blid Jorill. 

 

 

102,5 kg i benkpress. Foto: Magnar Nese