Lagsmeistarskap Eksingedalen IL

Av Liv Anne søn 27.03.2022 - 22:15

Om det ikkje var så mange som deltok, så gjekk alt rett for seg. Røynde startarar og tidtakarar var på plass og unge skiløparar syns det var stas med skirenn. Det er det første og siste skirennet som vert arrangert dette året, og i tillegg til dei seks i barneklassen deltok fire seniorløparar også. 

I løypa var det blide folk og god stemning, og alle med startnummer fekk saft og vaflar - og kanskje det aller beste: Medalje rundt halsen! 

Stolte og glade lagsmeistrar

Fleire nytta høvet til ein runde eller to i løypa på Nesheim. I lufta var det såvidt yr, utan at det la noko dempar på stemninga.