«Heilkveld» med Gunnar Staalesen

Av redaktør ons 30.03.2022 - 14:26

Ein elev ved Eksingedalen skule

Gunnar Staalesen besøkte Eksingedalen for om lag eitt år sidan. Då åt han nista si ved bordet rett utanfor skuledøra. For han hadde ein «fiktiv» elev på skulen, sa han, og fortalde etter kvart at han var ein forfattar som var på tur for å sjekka fakta.

Slik starta dialogen med Staalesen, han lova å komma att for å fortelja elevane om den nye boka si som skulle gjevast ut i oktober 2021, og om korleis det er å vera forfattar. I den nye boka «2020 Post festum» er Yngvild Nesbø frå Bergo i Eksingedalen ein av hovudpersonane. Yngvild er fødd i 1992, og utruleg nok frå same stad og i same alder som læraren Gunnar Staalesen møtte då han åt nista si. Etter det møtet vart det nokre meldingar mellom ho på Bergo og forfattaren om uttale av ord, stader og andre ting knytt til Bergo.

- Slik skjer innimellom, fortel Staalesen. 

Alle personane han skriv om er fiktive og oppdikta, men likevel så autentiske at dei kan kjennast att. Han ante ikkje at det var ei like gammal jente på Bergo. Det han hadde bestemt seg for, var at Eksingedalen skulle vera kulisse i boka hans, og at Nesbøfamilien som han tidlegare hadde skrive om framleis skulle vera med. At hovudpersonen Yngvild vart busett på Bergo handla om at han ville at ho skulle bruka kortast mogeleg tid på skulevegen sin.

- Eg har ingen levande modellar. Alle personar er oppdikta, men tilfeldigheiter dukkar opp, sa Stålesen. Eg nyttar meg av den fridommen det er å vera forfattar, har rik fantasi og diktar opp både personar, gardar og stader.

Å setja seg inn i sakene og det han skriv om brukar han mykje tid til fortalde han. Hendingar, saker, miljø og natur;  alt skal vera truverdig og attkjennande. Hendingar kan vera opplevde av forfattaren eller andre, for så å bli skrive inn i ein ny situasjon.

-Ein baby kjem etter ni månader. Slik er det med ei bok også, smiler Staalesen. Først brukar eg seks månader til å sjekka ut, så skriv eg.

Dei som har arbeidd med boka: Forfattaren sjølv og ungdomskulen i Eksignedalen

- Eg kjenner meg høgtidsstemt over å komma hit.

Gunnar Staalesen fortalde godt lyttande eksingedølar om kvifor han i den nye boka si brukar så mykje tid på å fortelja om Eksingedalen. Han kalla seg sjølv for "første-generasjons-bergensar" og attpåtil oppvaksen utan bil i familien. Difor hadde han aldri reist til Eksingedalen før i vaksen alder.

Møtet med dalen var gjennom Jon Eikemo på Den Nasjonale Scene i Bergen. Der var Staalesen informasjonsansvarleg på teateret og Jon Eikemo var skodespelar. Samstundes var Jon Eikemo bonde på Eikemo i denne tida, og det imponerte stadig Staalesen korleis Jon Eikemo reiste mellom Bergen og familiegarden. Då Staalesen seinare reiste til Eikemo og Eksingedalen, gjorde dalen sterkt inntrykk gjennom den mektige naturen og «den beviselig grisgrendte bosettingen».

På 1990-talet fekk han sin første tur heilt til Gullbrå saman med kulturpersonen Thomas Breivik. For Breivik ville visa han Eksingedalen. Nista si har han ete fleire gonger i dalen, og ein gong kom ei hyggeleg dame på Gullbrå ut for å slå av ein prat. Ein anna gong gjekk han tur innover i Stølsheimen, frå Trefall til Selhamar.

Omlag 40 frammøtte til bokkveld!

«Hvis det het Nesheim i Eksingedalen, kunne det vært et sted Nesbø der også»

Då Staalesen starta på arbeidet med trilogien sin om 1900-talet, valde han at ein av hovudpersonane skulle komma frå Eksingedalen. Det var Torleif Nesbø, eit oppdikta namn frå ein oppdikta gard. 

-Torleif er ein av heltane i boka, fortel Staalesen, som følgjer Nesbøfamilien i alle bøkene sin. Torleif hadde ikkje odel og reiste ut for å byggja Bergensbanen, nærare bestemt Gravhalstunnelen. Yngvild høyrer til slekta som vart att i Eksingedalen. Yngvild sin oldefar er bror til Torleif.

Gjennom «2020 Post festum» vert lesaren ført gjennom viktige hendingar dei siste 20 åra. Mellom anna er hendinga på Utøya, før og etter nøye omtala. Staalesen fortel at dette var ein vanskeleg del å skriva, med sterke inntrykk som vert opplevd på nytt, både berørte og etterlatne skal forteljast om med stor respekt. Og sidan Yngvild i boka var på Utøya, så var det viktig å sjekka at ingen ungdommar frå Eksingedalen hadde vore der ved den hendinga.

Det var etter Utøya at «ingen stad i verda var tryggare enn her mellom fjella» for Yngvild.

 

Gunnar Staalesen studerer persongalleriet på veggen. Ein av teiknarane føl med.

Elevane i ungdomsskulen har brukt mykje tid på boka, og den er pensum i fleire fag. Dei historiske hendingane har elevane funne meir ut om, skrive faktaark og artiklar. Og sjølve boka er gjennomarbeidd med tankekart og teikningar. Så gode familiekart at Staalesen rådde tilhøyrarane som ville lesa boka om å ta bilete av desse, som hjelp til å følgja med i boka.

Persongalleriet er svært stort og samanhengane mellom personar og familiar er imponerande. Alt heng saman, noko som er eit mål for Staalesen når han skriv. Eit par mord er det òg å oppklara, der det eine vert løyst av Staalesen sin «gode ven», kriminaletterforskar Varg Veum.

Torunn Eikemo i heftig samtale med forfattaren

Stunda i sofaen og forteljinga på bokkafeen vart gode opplevingar. Staalesen gav seg god tid, og dei som ville fekk snakka med han.
Ein god kveld som skapar gode minne i Eksingedalen!

«På vegne av forfatteren takker jeg for lånet av Eksingedalen som kulisse for en av de viktigste familiene i de fire bøkene mine»
avslutta Gunnar Staalesen.