Årets Eksingedøl 2022: Evelyn Gullbrå

Av Liv Anne tir 17.05.2022 - 21:23
Årets Eksingedøl 2022: Evelyn Gullbrå

Evelyn Gullbrå fekk den gjeve tittelen for sitt store engasjement som frivillig med særs stor dugnadsinnsats. Evelyn er ein arbeidsmaur, ho ser ikkje ut til å kvia seg til noko.

Ho engasjerer seg lett i praktisk arbeid, og ho gjer mykje som ingen merkar att ho gjer. Evelyn melder seg lett til arbeidsoppgåver, også før ho vert spurt. Når det skal ryddast, sjauast, vaskast, lakkast eller det trengst ein handlanger, er ho på plass. Uansett arbeid. Ho «stikk berre innom på veg heim frå jobb.» Ting vert gjort så lett. 

Evelyn  er engasjert i heile bygda. Ho er aktiv medlem i ulike lag og melder seg lett til arbeidsoppgåver før ho vert spurt direkte. Kvar vår/sommar sørgjer ho for at det vert planta blomar utanfor butikken og Ljosheim, og ho syter for pyntegrønt til alle som kjem på juleverkstad. Viss det er spørsmål om kven som kan rydda etter eit arrangement, melder ho seg alltid. Kvar einaste Eksingedalsmarknad stiller ho med tilhengar, bord og stolar. I tillegg er ho engasjert i grendalaget Ekse/Gullbrå, og i kyrkjeleg arbeid. Alle stader er det mykje dugnad og praktisk arbeid.

Det vart også framheva at Evelyn er flink til å stilla opp og komma når det vert arrangert noko, alltid blid og i godt humør.

Uansett så er "ho ei som berre gjer det", utan noko styr, utan å framheva seg sjølv.