Trim-app viser veg til nye fjell

Av Liv Anne søn 15.07.2018 - 21:08
Kira, Elizabeth Gjessing, Vaida Gelumbickaite og Saga

To damer og to hundar i liten raud bil køyrde sist til Eksingedalen for å finna fram til nye turmål i kommunen. Bakgrunn for det heile er trimkonkurransen "Bergsdalen Opp Trimpoeng", med 188 turmål fordelt utover heile Vaksdal kommune. I tillegg til å ha høgast poengsum, er det det også konkurranse om flest innsjekka turmål.

Blide damer i liten raud bil

Det heile starta med at Elizabeth oppmoda Vaida om å innstallera appen, der motivet og målet var helgetur i telt i Ekisngedalen. Vaida så gjorde, og ho leiar no heile konkurransen både med poeng og flest punkt.

Damene stilte med kart og liste over punkta i Eksingedalen. For dette var eit heilt nytt turområde for dei.
Dei fann fram åleine, med gode råd frå kjentfolk undervegs - og dei nådde nokre av måla saman med lokale guidar. Alt nøye planlagt, for flest mogelege innsjekk! 

Første innsjekking var på Nonhaugen, på vegen over fjellet til Eksingedalen. Deretter gjekk det slag i slag...både med fjellturar og fotball-VM! 

Kultur, historie og natur, Øvste Brakestadstølen.
Mektig utsikt frå Blånipa

Høgdepunktet i moh var Blåvasshorgi på 1065, som ein av tre toppar på over 1000. Totalt greidde damene 19 nye turmål, 535 poeng - og dei gjekk 55 km på 2 1/2 dag. 

Det beste av alt: Trimappen har sendt dei ut til nye område i eigen kommune, og dei har lært seg både gardsnamn, namn på fjell og stølar i Eksingedalen - og har funne fram til mange nye turmål! 

 

Og etter ei veke ryktast det at damene har vore attende til Eksingedalen for å komma seg opp på det høgaste fjellet i Vaksdal kommune; Skjerjavasshovden på 1264 moh.

- Det var greit å finna fram frå Beinhelleren - og vi brukte om lag 2 timar til toppen,
melder dei blide og turglade damene.

 

Snipp, snapp, snute: Eventyret Eksingedalen er ikkje ute!