Stor stemning "Gygrakjeften Opp"!

Av Liv Anne ons 14.09.2022 - 15:02
Etter løpet var det fint å samla seg i sola på Mjelkeplassen

-Eg hugsar ikkje at det var så tungt i fjor!

-Jau, det var det, det er berre me som gløymer det!

16 konkurranseløparar tok seg godt ut oppover den bratte lia til Mjelkeplassen. Raskast av alle var Idar Gullbrå, som også sette ny personleg rekord. Han deltok i klassen 19 - 50 år. 

 

Idar Gullbrå fekk tida 08:32, og var nesten minuttet før nummer to i klassen.
Raskaste dame var Nina Toskedal med tida 11:22
Berre eitt sekund bak Nina kom Frøydis Gullbrå

Gutane frå Eksingedalen, Robert Brønstad og Elias Bergo, kom i mål med same tida - og var glade for at dei fekk kvar sin premie.

Etter løpet var det kafe på skuleplassen, ein nydeleg dag å vera sosial! 

RESULTATLISTE: