Praktbok om Eksingedalen

Av redaktør lør 12.11.2022 - 20:46
Drivkraft i Eksingedalen. Foto: Mathias Lohne

                                                                                                                Tekst, for Eksingedalen.no: Gunnar Hatland

- De her oppe i Eksingedalen, de får jo te alt!

Ordførar Hege Eide Vik var ikkje berre ein formell ordførar då ho kom med uhemma ros til bygda. Ho var også skikkeleg entusiastisk og kulturstolt på boksleppet i Ljosheim torsdag 10. november.

Boka, som det var bokslepp for, er «Drivkraft i Eksingedalen».

Grendahuset Ljosheim, forsamlingshuset midt i Eksingedalen, er 125 år no i 2022. Og dette jubileet vert feira med ei praktutgåve av ei historiebok. Med stive permar, 208 tettpakka sider, fullt av historiske bilete frå den gong då, og heilt opp til vår tid. Og er du eksingedøl så finn du her kanskje bilete både av tippoldemor og naboen.

Lat det vera sagt med ein gong: dette er ikkje ei nærsynt bok om kven som slo inn den og den spikaren i bygningskroppen, eller har hatt flest dugnadstimar for grendahuset.

Dette er ei bok som plasserar Eksingedalen inn i den norske samfunnsutviklinga og kulturhistoria i dei siste tiåra av 1800-talet og framover. Og boka dokumenterer at Eksingedalen ikkje har vore ein gratispassasjer som berre har slengt seg på samfunnsutviklinga i dei viktige åra frå 1880-talet og i tiåra framover, men viser at dalen har hatt sin eigen drivkraft og attpå til vore bidragsytar til utviklinga i storsamfunnet. Då som no.

Foto: Mathias Lohne

1880-åra var ei brytningstid i landet vårt, ikkje minst på bygdene. Midt på 1800-talet var det den landsomfattande bedehusrørsla som reiste sine fleire hundre bygg. Og i kjølvatnet kom det ei ungdomsrørsle med stort kunnskapsbehov, pågangsmot, dugnadsånd og entusiasme. Gode krefter gjekk saman, lenge før den nær fem mil lange Eksingedalen hadde samanhengande veg. Det vart skipa bokforening, forløparen til ungdomslaget.

For å gjera ei lang historie kort, så vart grendahuset Ljosheim reist på dugnad og berre med lokalt innsamla pengar. Huset sto ferdig i 1897 i eit dalføre utan eit einaste bedehus. Dermed vart Ljosheim staden for alle behov. Frå barnedåp til konfirmasjon og bryllup. Frå stad for gudsteneste dei gongene det var bygningsarbeid på kyrkja på Flatekval, til samling etter gravferder.

Men kanskje mest av alt har Ljosheim vore ein samlingsstad for kunnskapsdeling, foredrag om samfunnsutvilling, underhaldning, teaterframsyningar med profesjonelle på scena, og lokale revyar. Og så dans, då, på laurdagskvelden.

Takhøgda har vore stor for bruken av Ljosheim. Og det speglar også det bygningsmessig og til gagns i Storesalen. Her er det dragestilen som set heile sitt preg på bygg, dekorasjon og innreiing. Det sistnemnde i form av biletrammer, drikkehorn, staseleg dragestil-skap og meir.

Drivkraft i Eksingedalen, boktittelen, fortel om ei eit enormt dugnadsarbeid frå bygget vart reist og fram til i dag. For kvar generasjon oppover gjennom 125 år, har det vore stort dugnadsarbeid og innsatsvilje som har lagt til grunn for at Ljosheim den dag i dag er det sjølvsagte samlingsstaden for alt av bygdeliv som kjem i tillegg til det skulen i dalen representerar.

Foto: Mathias Lohne

Det er akkurat dette bygdelivet som vert spegla i boka: Samfunnsutviklinga, lokale songar, driftige menn og kvinner, kunstnarar og eit sært rikt tilfang av bilete der ein kan både nikka gjenkjennande og rista på hovudet over kor kraftig dei tok i, dei som bygde lokalsamfunnet og samlingsstaden vår.

På boksleppet då kassane med nytrykte bøker vart opna, var det ingen av dei vel 50 frammøtte som hadde fått smugtitta på produktet. Sjølv ordføraren måtte berre hoppa i det og gratulera med prosjektet, etter berre få minutt med kulturoppleving mellom dei to permane.

Oppsummeringa på boksleppet kom frå ein lågmælt stødig kar på siste benk i Grendahuset.

- Boka er jo eit heilt kilo med forteljingar om oss og slektene her. Og så alle bileta då. No er jula redda for meg.

Boknemnda, samla til siste felles gjennomgang tidleg i september. Foto: Anna S. Bergo

Det er ei lang rekkje bidragsytarar til dette bokprosjektet. Det er ei boknemn på fem personar som har samla trådane, skrive det meste, og har i tillegg redigert innspela som har kome.

Dei fem er: Liv Anne Bergo, Sigrid Tyssen, Britt Eide, Elizabeth Gjessing og Ingvild Brønstad. Fire av dei er frå Eksingedalen, pluss Elizabeth Gjessing som er historikar og lærar frå Vaksdal.

Å skapa denne praktboka frå eit blanda råmaterale med blant anna gamle bilete, kart og teikningar  og få det heile til å framstå som framifrå bokdesign, det er det Håvard Bergo som må krediterast.

Prisen på boka er 390 kroner, pluss eventuell frakt.