Trivelege aktivitetar i førjolstida

Av Liv Anne ons 14.12.2022 - 16:07

Kvinne- og familielaget heldt godt på tradisjonane. Sist laurdag var det jolevekstad for born, med godt oppmøte både frå bygda og andre stader. Heile 16 born lagde jolepynt og gåver, med god hjelp av dei vaksne. 

Midt i økta var det jolegraut, der kunne "kven som helst" komma for å både eta graut og vera sosiale. 

Tradisjonen tru, er det joleverkstad for dei vaksne den 13.desember. Då samlast damene, lagar kransar og dekorasjonar og kosar seg med gløgg og lussekattar. 

Og hadde damene vore tidlegare ute, så hadde dei fått gleda av Lucia-toget som kom forbi tidleg denne morgonen.