Fredagskaffi og ope loppemarknad

Av Liv Anne fre 14.04.2023 - 19:20

Godt humør, handel av lopper og triveleg prat kring kaffibordet. Fredagskaffi i Ljosheim er eit nytt arrangement. 

- Me nytta høvet til å opna loppemarknaden ein gong til, og så er det kjekt å finna ein alternativ kaffiplass når me ikkje møteste på butikken, sa Anna som er leiar for husastyret. 

Anna, saman med Anny, ei av dei trufaste Gullbrå-damene som alltid stiller opp.