Oppvekttunet har eigne bier, som ein del av kreativt og tverrfagleg arbeid.
Det er ledig 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar ved Eksingedalen oppveksttun frå 7. august 2023.
Eksingedalen oppveksttun har grunnskule 1.-10 trinn, barnehage og sfo under same tak. Oppveksttunet rommar hausten 2023 15 barn og unge, og du blir ein av 6 tilsette som samarbeider tett og på tvers i det daglege. 6 av borna går i barnehagen, 9 på skulen.
Sjå søknadsutlysing https://vaksdal.easycruit.com/vacancy/3163453/236419?iso=nn
Stillinga vil ha arbeidsstad ved Eksingedalen oppveksttun i to år. Etter dette vert arbeidsstad kor Vaksdal kommune har behov for det.