Årets Eksingedøl 2023: Anna Sveinungsdotter Bergo
Heidersprisen vart delt ut av Bygdarådet. Anna fekk prisen for sin store innsats i Eksingedalen. Sidan ho flytta attende til dalen har ho vore aktiv i bygda, og utført mykje frivilling arbeid. Det vart trekt særleg fram at ho ivrar for å gje dei unge gode opplevingar med friluftsliv, at ho både steller i stand dugnad og lett sjølv deltek på dugnad. Ho er i år leiar for to aktive lag, Grendahuset Ljosheim og Eksingedalen IL.