Onsdagsturane er i gang

Av Liv Anne ons 24.05.2023 - 21:28
Fin tur i heilt OK vèr til Fetstølen.

Den fyrste av onsdagsturane gjekk til Fetstølen. Det vart ein fin og triveleg trimtur, veret var fint og det var lett å gå dei bratte bakkane oppover mot stølen. Turen vert ekstra fin når ein går den lengste stien, og får med seg storslått utsikt frå svaberga. 

Framover i mai og juni vert det fire onsdagsturar til. Så tek Turgruppa sommarferie, og i august og september vert det fem nye turar. Dei som går på alle ti onsdagsturane får med seg 12 av dei 15 postane i Fjelltrimmen til Eksingedalen IL.

Elles er det bøker på alle dei 15 postane, og her kan ein notera namn og få poeng til midt i oktober. 

Vårturane:
Onsdag 31.mai: Vetlejordstølen
Onsdag 7.juni: Nesstølen
Onsdag 14.juni: Flatekvalstølen
Onsdag 21.juni: Yksendalstølen 

Turane byrjar klokka 17. Sjå ev melding om endringar her på nettsida. Turane er for alle, og det er alltid ein turleiar som ventar på den siste. Å gå tur er god folkehelse! 

Turgruppa inviterer til helgtur til Sognefjorden 19.-20.august, med Stegane ved Hommelfossen og tur frå Ortnevik til Sylvarnes som mål. Til denne turen er det påmelding, med plass til 10-12 deltakarar (på grunn av overnattinga).

Vaksdal Turlag har også to fellesturar i vårt område:
Laurdag 12.august: Flatekval - Leiro - Eidslandet
Laurdag 2.september: Til Kvitanosi, frå Vola. 
Sjå vt.dnt.no for informasjon om desse to turane.