Fornya rasteplassar i Eksingedalen

Av Liv Anne ons 14.06.2023 - 13:56
Inger og Trygve Nilsen på leveringsrunde.

Øvre Eksingedalen grunneigarlag har sytt for fornying av rasteplassane i øvre Eksingedalen. Det var grunneigarlaget som først fekk på plass fire fine rasteplassar med bord og benkar for over ti år sidan. No trengte desse møblane fornying, og i mai køyrde Inger og Trygve Nilsen rundt og leverte monteringsklare bord.

Dette er triveleg for både fastbuande og turistar i Eksingedalen. 

Fin stoppestad mellom Brakestad og Trefall.
Mykje brukt rasteplass ved Bergovatnet.