Alle gutane på skulen: Vemund, Robert og Elias i ungdomsskulen og 2.klassingen Kasper.
Tradisjonen tru, sommarfest vart det i år også! Foreldrgruppa stilte opp med middag ute, og kaker hadde elevane laga. Som alltid var oppmøtet frå bygda godt, noko som er ekstra stas for alle på oppveksttunet i Eksingedalen. Etter eit godt måltid og god prat ute, flytta alle seg inn i gymsalen til den høgtidelege delen av festen. Det var song og talar, frå elevar, lærar, rektor og ordførar Hege. Ordføraren kom rett frå 10.klassefest på Dale, og rakk både helsing til 60 tiandeklassingar på Dale og den eine tiandeklassingen i Eksingedalen.
Songglede, med litt alvor også!
Ordførar Hege Eide Vik heldt tale til Robert Brønstad.
Ungdomsskulen samla, Vemund, Robert og Elias, saman med rektor Liv Anne og kontaktlærar Anna.