Butikktomta er klar til nybygg!

Av Liv Anne søn 16.07.2023 - 10:37
Den brannherja butikken er no vekke og tomta er jamna og grusa, slik den skal vera etter ei opprydding.

- Sjølve ryddinga gjekk fort, no er det berre å venta på neste steg i prosessen, seier butikkeigar Hege. 

Hege har hatt ein arbeidssam vår. Det har vore mange søknader, og mange, mange telefonar å ta. No er det å venta på godkjenningar.

- Eg prøver å unngå å tenkja på at dette ikkje går, for eg er aller mest klar for å byggja der butikken har vore, seier Hege. Prosessen vart "forvikla" då Arkobygg gjekk konkurs og eg måtte skaffa meg ny entreprenør. No er eg likevel veldig fornøgd med å ha avtale med vossafirmaet Johs. E. Øvsthus. 

Hege fortel at teikningar er laga, der det vert nokre endringar frå den gamle butikken. Det er teikna inn ein stor kaffikrok med panoramautsikt mot Kyrkjesteinen, og gjestetoalett med dusj, tilrettelagt for handicap. Husværet oppe vert også snudd om, med utsikt utover elv og fjell frå stove og kjøkken. Korleis det endeleg vert innvendig kjem an på budsjettet.

I månadskiftet august/september er det truleg avklara om butikken kan byggjast der den stod. Det er særleg godkjenning i høve ras og flaum som er det ho ventar på. Når dette er på plass, kan ho søkja om byggjeløyve. Vaksdal kommune er hjelpsomme og på mi side, dei har lova at ting skal gå fort, seier ho. 

Det finns ein plan B, som er butikk på den kommunale tomta på Vetlestølen. Men dette betyr mykje, mykje meir arbeid før ein er i gang. I tillegg er Hege redd for at dette vert dyrare. Difor er det best å ikkje tenkja så mykje på det enno, seier ho. 

Optimistiske Hege er saman med familien sin klar for eit nytt kapittel! 
- Det vert fint med ny butikk og ny heim. Eg håpar folk er tolmodige, medan me alle ventar på ny butikk!