Kjellrun Lavik, 44 år, oppvaksen bortom på Lavik. Yngst av fire sysken.
Journalist, tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Bur i Førde, gift og har 3 born.
Aktuell: I sommar med research ei veke i Sykkelsommar på NRK, og for å stå bak den suksessrike tv-serien «6899 til eg dør» som vart sendt på NRK i mai.
Maria Lavik, 39 år, oppvaksen i Ridnatunet på Lavik. Eldst av fire sysken.
Journalist, tilsett i Vårt Land. Bur i Oslo saman med sambuar.
Aktuell: Permisjon frå Vårt Land for å jobba med ny bok om «odelskam».
-Hugsar du at eg var barnevakt, for deg, Maria? Når foreldra dine var på fest i Ljosheim? Spør Kjellrun. Maria hugsar det godt. Då me vaks opp var det større aldersforskjell mellom oss, seier dei.
No er dei begge journalistar og aktuelle. Kva har inspirert to jenter, tett i alder, frå Lavik til å verta journalistar?
-Eg ville gjera noko kreativt, seier Kjellrun, difor søkte eg på journalistutdanning i Kristiansand. Eg er utdanna radiojournalist. Eg elskar radio! Eg er ingen skrivar, slik Maria er, men eg likar å fortelja historier. Første jobben var i radio, i P4. Seinare har eg vore fast i NRK, i mange ulike roller. Mellom anna har eg vore fleire år i NRK Super og mellom anna laga mange episodar av både «Klart eg kan» og «Bli med heim».
Maria seier at ho alltid har elska å skriva, og etter å ha hatt sommarjobb i lokalavisa Hordaland bestemte ho seg for å verta journalist.
-Tenk å kunna få betalt for å ha det kjekt på jobb, ler ho. Det var kjekkare sommarjobb enn i siloen heima på Lavik! Maria reiste til Oslo for å utdanna seg til journalist.
-Etter det utsette eg «vaksenlivet» og jobbing til eg var 30. Eg har utdanning i historie både frå Bergen og London etter journalistutdanninga.
Maria har jobba mange stader: i avisa Hordaland, NRK, Klassekampen og no Vårt Land. I periodar har ho òg vore frilansar og no er ho aktuell med å skriva si andre bok.
Begge to er heilt klart glade i jobbane sine. Det er ei enorm spennvidde i det å vera journalist, seier dei. Dei fortel om adrenalinkicket av å jobba med nyheiter. Å aldri vita kva dei skal utpå, spenninga ved dette. Og dei påpeikar kor viktig jobb det er å formidla nyheitene. Begge har vore kjente radiostemmer då dei las opp nyheiter på radio. Dei framsnakkar radiojobben, det å vera der og då på direkten.
Kjellrun fortel om mange gode møte med folk, og det å formilda kvardagsliv og vanlege norske liv. Difor er det spennande å laga program og seriar frå kvardagen. Særleg har tida i NRK Super med å visa vanlege norske barnsine kvardagar vore kjekt. Ho vil fortelja om norske barn sin kvardag, og få fram at det er nok å vera seg sjølv. Alle skal ikkje vera like.
Siste store prosjektet til Kjellrun er serien «6899 til eg dør». Den handlar om Per Áki Sigurdsson Kvikne som flyttar attende til Balestrand og startar hotell saman med kjærasten Randi og broren Teddy. Alt samstundes med artistlivet som Kjartan Lauritzen. Motivasjonen for denne serien var å finna eit prosjekt som handla om noko positivt og kjekt på bygda. Der ein også skulle møta motstand men få til noko gjennom vilje og hardt arbeid. Og slik vart det.
-Det er slike historier det er kjekt og arbeida med, seier Kjellrun. Eg likar språk og bilete - og å sy saman historier. Eg har fått prøvd meg i ulike roller i NRK, både organisering og prosjektleiing – og som regi i serien om Per. Det er ei enorm spennvidde i å vera journalist, variert arbeid og møte med mange spennande folk. Og å høyra på dei og setja seg inn liva deira, for så å få høve til å formidla desse historiene vidare. Eg får stadig auka kunnskap.
Maria nikkar ivrig. I 2021 gav Maria ut boka «Vi, dei fattige». Boka handla om barnefattigdom i Noreg.
-Boka handla om vanlege folk sine liv, og boka er dessverre endå meir aktuell enn nokon gong. Det er viktig å utvida det som er «normalen» og motverka utanforskapet. Ein kan kjenna på mange spenningar som barn og ungdom, mellom folk og mellom by og land. Og så er det gjerne mykje likt, uansett kvar ein bur.
-Det er viktig å utvida normal-begrepet, seier Maria. Kjellrun nikkar einig. -Eg skriv nok meir om dei vanskelege tinga, medan Kjellrun jobbar med det gode, seier Maria.
-Det du skriv om er viktig, Maria, bryt Kjellrun inn.
For tida jobbar Maria med ei ny bok. Boka handlar om «odelskam» der Maria tek utgangspunkt i eiga historie med odel til eit bruk ho ikkje tenkjer å ta over.
-Eg ser på historia til dei som har gått føre meg, familien på Lavik, garden, det som har vore og «skammen» over å ikkje føra dette vidare gjennom min odelsrett. Så set eg dette inn i ein større samanheng, og knyter det til tema eg har skrive om før. Eg opplever at mange kjenner seg att.
Både Maria og Kjellrun har vakse opp på gard, noko som begge meiner har både forma og prega dei. Dei er stolte av staden og av bakgrunnen sin. Sjølv om Maria fortel om kor kjekt det var å byta ut arbeid i siloen med ein kjekk sommarjobb i lokalavisa, snakkar ho varmt om det å veksa opp på gard.
-Fellesskapet, det sosiale, saman med å løysa arbeidsoppgåver i lag, det er gode minne og noko eg savnar. Det kjekkaste var nok sauesankinga på Lavik med mykje folk samla. Det var arbeid, mat, fellesskap og livsglede. Eg ser alt dette i ettertid, det som før var opplagt at alle skulle delta i. Å laga pølser med besto og mammo gjer eg framleis, og eg og besto bakar flatbrød. Det er stort for meg, fortel Maria.
-Som attpåklatt i syskenflokken var det aldri snakk at eg skulle bli på Lavik, det var ikkje mitt lodd i livet, og aldri tema, seier Kjellrun. Så det med odelskam har eg sleppt å tenkja på. Men, eg har arbeidd mykje på garden, og absolutt vore ein del av fellesskapet der, både på godt og vondt. For eg trudde nok mange gonger at det berre var eg som måtte vera heima og stå i siloen medan alle andre kunne bada. Samstundes var slåtten ei fin tid. Alle arbeidde, så var me inne og åt, og ute att i arbeid til det vart mørkt. Eg har hatt eit drøymeliv som barn med farmor og farfar på tunet, og ei farmor som alltid hadde kaffimat. Å gjera eit fysisk arbeid saman er ein fin ting. Sjølv likte eg nok aller best lemminga og kalvinga då eg var lita. Eg har lyst til å få til eit snev av generasjonsjobbing med mine ungar, og gjer det via pølselaging på Lavik.
Maria og Kjellrun har ikkje berre same etternamn. Dei er også i slekt. Maria sin tippoldefar Johannes var bonde i Ridnatunet på Lavik. Bror hans, Nils Lavik, fekk gardsbruk på andre sida av elva. Nils er Kjellrun sin oldefar. Og før dette kom den aller første journalisten frå Lavik, Maria. Ho var tanta til Johannes og Nils.
-Eg er oppvaksen med historia om «dei fem store Lavikabrørne», besten snakka mykje om dei, fortel Maria. Det hadde nok vore ei framelsking av det strenge, og av mennene på Lavik. Så fekk eg som vaksen vita om at dei fem hadde ei syster Maria. Det gjekk opp eit lys for meg! Tenk, ho var feminist og journalist, og ho meldte seg ut av statskyrkja der ho levde sist på 1800-talet. Eg kjente meg litt lik på henne. Det vart fint å tenkja på at Maria hadde vore her før meg, og at me tenkte same tankar. Ho var ikkje eldst, men laga nok litt uro i det strenge. Slik eg kjenner på at eg lagar uro i rekkjene, med min odel.
At Lavik er ein viktig plass for dei begge treng ein heller ikkje tvila på. Og begge er opptekne av korleis det vert på «den rette sida», «hi sida», «bortom» eller hjå «ridnane» i framtida, og korleis det vert i Eksingedalen.
Livet for dei er å vera journalist. At det er ein drøymejobb, er dei blide ferierande damene einige om. Dei er engasjerte og kreative og skaper sine eigne prosjekt.
-Ut frå kor kjekt me har det, så vert me verande som journalistar! Det er mykje å finna på og mange ulike jobbar, så me vert aldri lei, ler dei. Etter sommaren skal Maria skriva vidare på boka og jobba i Vårt Land, og Kjellrun skal vera utleigd til NRK i Bergen eitt år til. Kva prosjekt det vert der, det vil tida visa.
No er det ferie!