Konsert på Nesheim til inntekt for barneskulen Kely Mandresy på Madagaskar har blitt ein tradisjon i dalen.
Konserten går i år av stabelen på fredag 17. november. Konserten vert også i år variert musikalsk.
Den gode opplevelsen vil du få på konserten, men om du ikkje får dette til vil konserten vert streama av Nese media. Link til stream: https://www.nesemedia.no/live
Me har i år fått med oss Jaemie Gina frå Nordhordaland. Ho er opprinnelig fra Trinidad og har skreve og framført egne sangar fra ho var 13 år. Dette er me veldig glad for.
Her er ein smakebit: https://www.youtube.com/watch?v=T87hzjvEC4A
Håkon Gullbrå fra Musikklinja på Voss gymnas er også med oss. Han speler to musikkstykke på piano.
Hanna Gullbrå er selvfølgelig med oss og vil blant anna framføre Fields of Gold
Ungar i dalen er med oss også i år. Dette set me også stor pris på :)
Roald Kleiveland trakterer pianoet gjennom heile konserten. Dette borgar for ein god konsertopplevelse
Ellers vil du kunne sjå Frøydis, Evelyn, Thor Olav og Svein framme i kyrkja. Det er ikkje utenkeleg at det vert innslag av torader på konserten.
Det vi også i år verte salg av Moltesyltetøy og nyinnkjøpt vaniljestenger der inntektene går uavkorta til skulen. Dette er flotte julegåver :)
Pris konsert:
Voksen kr 250,-
Barn/ungdom under 16 år kr 50,-
Billetter vert solgt i døra. Betaling med Vipps og kontant