Novemberbasar!

Av Liv Anne søn 12.11.2023 - 22:59
Ein fin gjeng gledde basarfolket med Astrid Lindgren-songar.

 

Kvinne- og familielaget inviterte til basar fredag kveld. Det var åresal, trekking av loddbøkene og god kaffimat i pausen. 

- Kvinne- og familielaget er glade for alle som støttar opp med både gevinstar og loddkjøp, seier styret. Kvinne- og familielaget støttar mange ulike tiltak i Eksingedalen, så difor er det ekstra kjekt når me sel så mykje lodd, smiler damene.  

Gevinstar var det mange av, og det var nok nokre som gjekk heim med mange gevinstar. Som alltid! Å vinna kan vera både kjekt, nyttig og morsomt. Og av og til ynskjer en seg noko ein ikkje får. Slik er basar. Heldigvis var det eiga barnetrekking først, slik at alle under 18 år starta kvelden med ein gevinst. 

Folk kosa seg, og let vel, for i Ljosheim er det koseleg å vera. 

 

Ute var det kaldt og mørkt, og ein kunne køyra heimover med vakker stjernehimmel over Eksingedalen.