Førjulshelsing frå Dhaka

Av Liv Anne tir 05.12.2023 - 07:40
Ettermiddagsrush i Dhaka

Her kjem ei lita førjulshelsing frå andre sida av verda! 

Eg har sidan juli budd i Bangladesh, og vore studentpraktikant ved den norske ambassaden i Dhaka. Det har vore ei svært minneverdig oppleving. Som praktikant har eg fått ei brei innføring i arbeidet til Utanriksdepartementet, og fått vore med på utruleg mykje spanande! Ambassaden arbeidar med mange ulike tema, alt i frå kvinnerettsarbeid, næringsfremjing og klima. Eg arbeidar med særs kunnskapsrike og dyktige kollegaar, både norske diplomatar og lokalt tilsette frå Bangladesh. 

Bangladesh er herleg kaotisk, og forskjellane frå Noreg og Eksingedalen er slåande. Det tropiske klimaet og mangelen på fjell er ein ting, men framfor alt er det kulturelle skiljelinjer som er mest merkbare. Ein morosam ting som framleis forvirrar meg er den «indiske hovudristinga», som er hyppig i bruk her. Det er ei hovudrørsle som liknar på det å riste på hovudet heime. For meg er det openbert difor ei gest som vanlegvis tyder nei. Her er det likevel noko som kan tyde mange ulike ting. Wikipedia skriv at det kan tyde: ja, bra, kanskje, takk eller eg forstår, avhengig av konteksten. Når mi instinktive tolking av gesten er nei, og tydinga er så kontekstavhengig, kan ein trygt seie at at denne hovudristinga jamleg har ført til ei betydeleg mengd med komiske misforståingar. 

Under tida mi her har eg arbeidd og budd i hovudstaden Dhaka. Dhaka er ei oppleving utan like, og  det kan vere ein vanskeleg stad å skildra for dei som ikkje har vore her før. Eg skal likevel gje det eit forsøk. Det første eg la merke til var utan tvil folkelivet. Det er folk over alt. Absolutt over alt. Gatene flaumar over av gåande, bilar, bussar, handelstraller, sykkeltaxiar, gatematbodar og laushundar i eit kaotisk samansurium som på ingen måtar er effektivt, men likevel fungerer på ein eller anna måte. Alle desse menneska gjer at byen til tider kan kjennast som eit regelrett åtak på sansane. Særleg lydnivået kan vere ekstremt, med ei salig blanding av konstant tuting frå biltrafikken, bønerop frå dei tusenvis av moskeane i byen og gateseljarar som høglytt annonserer varene sine. At alle også forsøker å overdøyve kvarandre gjev eit lydnivå som kunne fått sjølv mormor til å skru av høyreapparata. 

Årsaka til det massive folkelivet er at Dhaka er ein av dei største byane i verda, i tillegg til å vere ein av byane i verda med høgast folketettleik. I storbyområdet bur det om lag 22 millionar menneske og det bur heile 38.000 menneske på kvar km² i denne byen. Om Vaksdal kommune hadde hatt den same folketettleiken hadde det budd over 27 millionar(!) menneske der. For ein enkel gut frå Gullbrå, som var nyfiken på den store verda var det sjølvsagt litt av ei oppleving for meg å kome til Dhaka i sumar. No har det likevel blitt ein vanleg del av kvardagslivet. Og når ein snakkar om menneska i Bangladesh er det svært viktig å påpeika at ei av hovudårsakene til at landet tross alt er ein flott plass å vere er nettopp folka. Menneska i dette landet er nokre av dei venlegaste og varme eg har møtt. Uansett kvar du går er folk klare til å hjelpe deg, Dhaka er ein trygg by å bevege seg rundt i (med trafikken som eit klårt unntak), og ein blir jamleg invitert på gratis te, middag og guida turar med heilt ukjente menneske.

Fotballturnering for ambassadane i byen

Eg har også lyst å nytte høvet til å skrive litt om kvar Bangladesh er når det kjem til menneskeleg utvikling. Intrykket mitt er at ein del heime i Noreg til tider har hovudsakleg negative assosiasjonar knytt til Bangladesh. Fattigdom, flaum, og dårlege arbeidstilhøve for tekstilarbeidarar er typiske assosiasjonar med landet. Dette er alle høgst reelle utfordringar, men noko nyansering trengs også! Bangladesh ein av dei raskast veksande økonomiane i verda, og har hatt fantastisk progresjon innanfor område som fattigdomsreduksjon, helse og utdanning dei siste 30-40 åra. Frå 1990 har delen av den vaksne folkesetnaden som kan lese auka frå 35% til 74%, talet på fattige har gått ned frå 58% i 1990 til 21% i 2019 og 97% av born i landet fullfører barneskulen. Talet på dødfødslar, forventa levealder og delen born som er underernærte er også område Bangladesh har hatt ei svært positiv utvikling innan sidan 1990. Det er nok av ting å arbeide med vidare for Bangladesh, men utviklinga innanfor sentrale utviklingsfelt har jamt og trutt gått i riktig retning over mange år. Det er i mi meining viktig å huske på! 

Tida mi i Bangladesh går mot slutten, og eg tek med meg mykje kunnskap, nye erfaringar og venskap heim igjen. Eg vonar alle får ei fredfull førjulstid heime, og etter å ha vore eit heilt år i utlandet ser eg verkeleg fram til å feire jul på Gullbrå i lag med kjente og kjære.

 

Hjarteleg helsing frå Jakob

Dei nordiske praktikantane i Dhaka på veg til halloweenfest