Denne vaka har Jorill delteke i EM i utstyrsfritt styrkeløft, åpen klasse (senior). Meisterskapet vart halde i Tartu i Estland. Der deltok Jorill i -76kg-klassen, og vart nummer 14 av 19 i denne vektklassen.
- Det var ein veldig sterk klasse, fortel Jorill. Eg løfta 177,5kg i knebøy, 2,5kg under personlig rekord. I benkpress følte eg meg sterk, men fekk ikkje vist kva eg var god for, fordi eg fekk første løft underkjent pga albudybde, og måtte ta det om att i andre løft med forandring i teknikk. Det gjorde at me ikkje turte å auka meir enn til 105kg, noko som òg er 2,5kg under personleg rekord. Den var litt surt, for eg veit eg var sterk nok til å persa. Det er 1,5 år sidan eg persa sist, så det hadde vore på tide.
I markløft enda den sterke eksingedalsjenta på 182,5kg, som er tangering av personlig rekord.
- Med mykje sjukdom i oppkøyringa er eg veldig fornøyd med resultatet samla sett, men eg veit eg kunne ha gjort ein større total enn det eg fekk. Totalt enda eg på 465kg.
Fem damer og fem menn frå Norge reiste i troppen til EM. Jorill fortel at fleire av dei andre fekk delgreinsmedaljer. To av dei norske, Marte og Kjell, vart europameistrar i sine klassar, og vart 3. og 1. beste løftar på tvers av vektklassar. Så Norge gjorde god figur i EM.
Jorill løftar for Odin styrkeløftklubb i Bergen, der ho også bur. Ho satsar vidare og er veldig motivert for å bli sterkare og klatra oppover listene internasjonalt, seier ho.
- Eg trives veldig godt med sporten og folka eg har rundt meg. Til EM har eg reist saman med lagvenninne og kollega Gina Bakke Bolstad frå Bolstad. Me har skaffa oss 3 felles sponsorar, Voss Sparebank, Paradis Helse og OP Investor, og støttar kvarandre både i kvardag og på meisterskap.