Bygdakafé og berekraftige produkt frå skulehagen

Av redaktør ons 13.12.2023 - 15:12
Alle på oppveksttunet har gjort ein innsats for vareutvalet

 

"Takk for at du handlar eit kortreist produkt! Me har hausta frå skulehagen, stelt med biene, plukka bær i nærområdet og laga handarbeidsprodukt med fokus på gjenbruk og berekraft. Me er på lag med naturen - og det er du også ved at du handlar hjå oss!" 

Dette var utgangspunktet for det rike utvalet av varer. For aller første gong var det honning på glas frå bier som lever så høgt til fjells i Eksingedalen. Ved oppveksttunet var det i sommar to dronningar, Dronning Anna og Dronning Sofie, som med kvar sin store biefamilie produserte ekte, god honning. Honningen er slynga av barnehagen og skuleborna, deretter tappa på glas med unike etikettar. Med bivvoks som basis var det også både støypte og rulla lys å få kjøpt, i tillegg også bivoksark. Dessutan var det produkt av både elpe, rips og rabarbra - og alle elevane hadde strikka kvar sin kjøkkenklut. Heile 178 produkt var lagt fram for sal, og alt vart seldt! 

Eksingedølane er flinke til å støtta ta seg ut for å gå på bygdakafe. Elevane fekk skryt for både middag og dessert, og praten gjekk lett rundt borda. 

Og overskotet, det skal gå til utviding av skulehagen!